Både medlemsbladet til Sivle-laget og denne bolken på heimesidene til Sivle-laget har namnet sitt etter ho Gamla-Marta på Bakka som er hovudpersonen i Vossastubben om ” Vossingjen og mor hans” Dagstøtt for ho Gamla-Marta for gard til gard i Kvaolsreppæ og fortalde nytt og gamalt, sant og utsant, og han Kolbein Hausa meiner det som sikkert at då vangskarene laga den fyrste avisa på Voss ”Vossingjen” so tok dei mønster etter ho Gamla-Marta, i alle fall når det galdt innhald.
På denne sida er det tanken å bringa nytt og gamalt om Sivle og frå Sivle-miljøet, all slags stoffe som kan interessera Sivle-vener. Me skal prøva å halda oss nokon lunde til sannheita, men me kan ikkje utelukka at det vert litt ”rygl og vas” og kanskje ei og anna ”ryglerenna” også.
Har du noko stoff eller ein historie som du vil dela med andre Sivle-vener så send ein e-post ( knappen ”kontakt”) eller send oss eit brev. Hastar det så ring ein av oss i styret.