150 år og like levande
2007 har vore eit positivt år for Per Sivle sjølv om det ikkje har kome meir dikting frå han på over 100 år etter at han tragisk gjekk bort i 1904. Men diktinga hans lever vidare og så langt i jubileumsåret har det vorte skipa til mange flotte arrangement og nye medlemer har kome til.
I april vart Per Sivle heidra med fleire tilskipingar på austlandet for markere hans dikting og livsverk, og for å feire Per Sivle sin 150 års dag. Desse arrangementa er ein del av den nasjonale markeringane som blir gjennomført i jubileumsåret.
Sivleseminiaret i tida 12-13.mai på Stalheim Hotel vart vellukka med over 40 deltakar og med eit flott program av songkoret Strendinga laurdag kveld.
Det vart tilrettelagt for ei fin festhøgtid på Oppheim gamle kyrkjegard sundag 10.juni med avduking av ein ny minnestein ved ”Mor si grav”. Det vart eit flott ver denne dagen og med over 500 deltakarar så vart dette ein minneverdig dag for både Per Sivle og for venene hans.
Medlemsgåva i år er boka ”Fante-Nils”. For å redusere kostnadane med utsending av boka i posten så vil vi oppfordre medlemar å ta kontakt med Anders eller Jens dersom det høver seg slik at boka kan hentast eller leverast direkte. Det er også mogeleg å kunne hente boka hjå forlaget Selja i Førde.
Det skjer mykje kring om i heile landet i høve jubileet dette året og styret vil gjerne takka alle som har stilt opp for å gjere dette mogeleg. Og vi gleder oss vidare med det som skal skje og er takksame for alle nye medlemer som har teikna seg.
Helsing
Anders Gjerland
-bladstyrar-
(c) 2007-07-30