Som mange andre diktarar har vel også Per Sivle fått meir heider etter at han døydde enn i levande livet. Mellom anna er det på 4 stadar i landet sett opp minnesteiner over Per Sivle og diktinga hans – frå Stalheim og Flåm i vest via Drammen til Elverum i aust.
Me vil på denne sida freista å presentera Sivle-minne av ulike slag, og kjenner du til Sivle-minne som høyrer heime på denne sida så ta kontakt med oss.
Etterkvart vonar me også å kunna gi ein fyldig presentasjon av Sivle-samling i Aurland og dei Sivle-minna som finst på Voss Folkemuseum.