![]() |
Sivle-jubileum år 2007Gode Sivle-ven I år 2007 er det 150 år sidan nasjonalskalden Per Sivle vart fødd. I jubileumsåret vert det tilstellingar og program i radio og TV. Vil du vera med å heidre Per Sivle med eit minnesmerke ? |
”Mor si grav”
- tre ord som rører ved oss alle Rundt omkring i landet vårt er det mange minnesmerke over vyrde personar, men ingen over den som vi alle har nærast forhold til, - mor ! Ingen har utrykt kjenslene ved mor si grav betre enn Per Sivle. På Oppheim gamle kyrkjegard er Susanna Sivle, f. Ryum gravlagt. Per har heidra minnet til mor si med ”Den fyrste song eg høyra fekk” Riksantikvaren gav løyve til ei låg markering i naturstein og bronse, og det var Leif Gjerme frå Voss som fekk oppdraget med å lage dette nye minnesmerket over "Mor si grav". 10.juni 2007 vart ein flott dag med sol då minnesteinen vart avduka på Oppheim gamle kyrkjegard. Kyrkja var fullsett og det var over 500 som deltok på festhøgtida både på den gamle kyrkjegarden og på Oppheim skule etterpå. Takk til alle som deltok i dugnadsarbeidet for å få denne dagen så vellukka!
|
|