Arven frå Sivle. Ein nynorsk barneboktradisjon.

Av Alfred Fidjestøl

Per Sivle skreiv ikkje ei einaste barnebok, trudde han sjølv. Men 150 år etter sin død står han i norsk litteraturhistorie som sjølve pioneren i norsk barnelitteratur. Novellesamlinga Sogor frå 1887, med klassikarar som ”Berre ein hund” og ”Fanta-Nils”, sette standard for ein ny måte å skrive for barn. ”Gjennombrotet for den nye realismen i norsk barnelitteratur kom i første rekkje med Per Sivle (1857-1904) og hans Sogor (1887),” står det til dømes i Norsk Barnelitteraturhistorie.[i]

At Sogor er blitt barnebok og barnebokklassikar etter Sivles død, er eit av mange paradoks i forholdet mellom ettermælet og samtidsmælet hans. At ”Den fyrste songen” i dag er den eine store hiten hans, eit lite dikt han publiserte anonymt ein einaste gong og aldri tok med i noka bok, er eit anna.
Den gradvise transformasjonen av Sogor til barnebok byrja rett nok i Sivles samtid, med Rasmus Lølands forfattarskap. Rasmus Løland (1861-1907) skreiv erklærte barnebøker i same sjanger som Sogor, realistiske, ikkje-moraliserende bøker med barn i hovudrollene. Både Løland og Sivle skreiv frå barns perspektiv, begge skreiv om konflikten mellom vaksenverda og barneverda, og begge skreiv uten den pedagogiske overbygginga der barna skal sosialiserast inn i vaksenverda.

Og etter Løland har framståande nynorskforfattarar i kvar einaste generasjon trekt fram nett Sivles Sogor som eit litterært førebilete.
Halldis Moren Vesaas, fødd 1907, gjorde språklege revideringar og gav ut tre av sogene frå Sogor og ei anna forteljing i 1963 til barneboka ”Berre ein Hund” på Samlaget, og skreiv på baksida at ”Per Sivles forteljingar er klassiske i norsk litteratur.”[ii]

Einar Økland, fødd 1940, har skrive ein introduksjonsartikkel om Per Sivle for barn, der han lova barna at dei garantert ville finne noko dei likte om dei lånte ei bok av Sivle på biblioteket, og der han på utprega øklandsk maner fortalde litt om Sivles eiga lidingshistorie:
”Men sjølv hadde Per Sivle det ikkje så morosamt. Han hadde for lite pengar og han var ofte svært lei seg. Og nå skal eg fortelje noko som dei vaksne ikkje likar å fortelje til barn: Ein gong Per Sivle hadde hatt mykje motgang og var så trist som det går an, tok han ein revolver og skaut seg. Det gjorde han på Torggata Bad i Oslo. Han skulle ikkje gjort det, men så lei seg går det an å bli. Hadde nokon hjelpt han eller trøsta han, ville han nok ikkje gjort det.”[iii]

Jon Fosse, fødd 1959, har fortald at den eine av dei to forteljingane i boka To forteljingar hadde arbeidstittelen ”Berre ein hund”, og at han prøvde å skrive ”litt ut frå dei same klangane” som Sivle skreiv.[iv]

Og Olaug Nilssen, fødd 1977, har trekt fram ”Berre ein hund” som ein klassikar i bokspalta ”God bok” i Klassekampen.[v]
Frå Rasmus Løland, fødd 1861, til Olaug Nilssen, fødd 1977, har Sogor hatt ein forunderleg stabil klassikarstatus i den nynorske bokheimen.

Brakdebut
Per Sivle skreiv Sogor i 1886 medan han var nyforlova med bergenserinna Wenche von der Lippe Nilsen, men levde åtskild frå henne i skriveeksil i Danmark. Per Sivles liv var heile vegen kronglete, men i nettopp denne skriveprosessen hadde han for ein gongs skuld ein enorm sjølvtillit. Han rapporterte heim til Wenche at han hadde ”skrevet endel idag, og det er slig, at ingen i Norge kan gjøre mig det efter.” Og då han oppdaga kor rytmisk velklingande den fulle tittelen var – Sogor. Ein Bundel. Fortald av Per Sivle – skreiv han at ”Titelen er Pokkeren tude mig ligesaa fortræffelig som Bogen selv.”[vi]

Kritikarane tykte òg at boka var pokkeren tute fortreffeleg. Sivle fekk glimrande kritikkar i alle dei store avisene. Han hadde ti år tidlegare gjeve ut to pietistiske diktsamlingar, men dei var kollektivt gløymde. Dette blei oppfatta som den litterære debuten hans, ein litterær brakdebut. Men ingen av dei kommenterte at dette var barnelitteratur. Boka blei ikkje lansert som barnelitteratur, og stod uendeleg fjernt frå den type litteratur som var rekna som eigna for barn.

Boka inneheld fem tekstar, ”Ein Triskilling”, ”Berre ein Hund”, ”Fanta-Nils”, ”Heimadøypt” og ”Hjelpelaus”. Dei tre fyrste forteljingane er dei beste og mest kjende, den fjerde er meir ei trøystande humoreske om ein gjendøypar som vil gje Per og venen Sjur-Ola vaksendåp, medan den siste ikkje er noka forteljing i det heile tatt, men tre små laustståande episodar.

Desse tre fyrste – ”Ein Triskilling”, ”Berre ein Hund” og ”Fanta-Nils” – handlar alle om samvitskonfliktar. Åsfrid Svensen har treffande karakterisert dei som syndefallsmytar, dei skildrar overgangen frå den uskuldsreine barndomen til den moralske kompleksiteten og det moralske ansvaret hjå unge vaksne. Og i alle tre sogene blir det som set i gang handlinga, utløyst av noko utanfrå, lik ein slange i Edens hage som kjem inn og bryt idyllen.[vii]

I ”Ein Triskilling” får Per ein treskilling frå ein turist når han finn att eit tørkle for henne, han ryk uklar med bestevenen Sjur-Ola, som han til no har hatt felles eigedomsrett med, han blir uendeleg tett knytt til denne mynten, han vel vekk kjærleiken når ei jente ber han velje mellom henne og mynten, og han er budd på å ofre sjølve himmelriket når han først gjev, og deretter stel attende mynten frå pengeskrinet til ein omreisande emissær.

I ”Berre ein Hund” er det den engelske turisten Mr. Johnson som kjem utanfrå med hunden Hall, Per blir Johnsons og Halls følgjesven på fjellturane, Johnson fell i eit juv som blir kalla ”Helvete”, Per forbarmar seg over Hall, men må til slutt sjå faren og drengen Salamon skyte Hall, før den harde faren mildnar og uttalar den klassiske sistesetninga: ”for du veit daa det, Barn, det er berre ein Hund!”[viii]

Medan det i ”Fanta-Nils” er fanteguten Nils som kjem til bygda og blir ein slags besteven for Per, men berre så lenge Nils aksepterer eit underordningsforhold, der Per er den som gjev og Nils den som får, og der Per er den flinkaste av dei. Når Nils utfordrar Pers forrang, svik Per Nils slik at han blir utstøytt frå kameratmiljøet og skulen, etter kvart blir familielaus og til slutt tatt av eit snøskred og attfunnen istykkerriven i Pers gamle klede.

Det er med andre ord brutale hendingar som blir skildra, det er ikkje helteforteljingar om hovudpersonen Per. Det er ei gradvis perspektivutviding frå mynten til hunden til guten, og frå dei meir uskuldige samvitskvalar til dei aller alvorlegaste. Lesne som syndefallsmytar endar dei opp med at eg-personen oppdagar sin eigen subjektivitet, og får eit nytt medvit om godt og vondt. Idet Sjur-Ola tar det for gitt at han og Per skal eige mynten i lag, slår Per fast at ”det var eg, som fekk honom”. Eit ”eg” har erstatta det sjølvsagte ”vi”. Gjennom syndefallet har han oppdaga seg sjølv. I ”Fanta-Nils” kommenterer forteljaren denne syndefallserkjenninga, idet Per ligg og gret og angrar sviket av venen: ”Dei saag inkje, korleine det var Barnet i meg, som laag meinbrote hiksta utanfyre stengda Dyri si eigi.”[ix]

Døra til barndomen er stengd, det er ingen veg attende, Per er driven ut av Edens hage.

Dristig brot
Utgangspunktet for barnelitteraturen før Sogor var at han skulle vere oppdragande, både til dette og det hinsidige livet. Sivle braut med dette kravet. Han var erklært fritenkjar då han skreiv Sogor, forteljingane har ikkje noko didaktisk sosialiserande prosjekt. Tvert om peiker dei på uløyselege problem, dei syner konfliktar som ikkje kan forsonast, dei handlar om skam som aldri kan lækjast.

Den sjølvsagte grunnen til at Sivle kunne vere så dristig i brotet med normene for kva barnelitteratur skulle vere, var at han ikkje tenkte på dette som barnelitteratur. Han skreiv seinare nokre dikt og forteljingar eksplisitt for barn, trykte i Nordahl Rolfsens Illustrert Tidende for Børn, og i desse var Sivle mykje meir konvensjonelt moraliserande eller klassisk barnleg og litterært ufarleg, typisk illustrert ved dette geitediktet:

Paa Skjegget og paa Ragget er Gjedebukken kjendt,
og over hele Verden man træffer ham omtrent;
han spiser Græs og Blade, han gnager Bark af Træ,
og Gjedebukkens Tale er bare! ’Bæ-bæ-bæ!’[x]

Dette var barnelitteratur slik barnelitteratur skulle vere, slik samtida såg det og slik Sivle sjølv såg det. Som tilfellet er for mange forfattarar byrja Sivle å skrive den slags ting i dei åra han var småbarnsfar, men det var aldri høgt prioriterte arbeid. Wenche Sivle, som sjølv skreiv ei barnebok, klaga til ei veninne over at det einaste han produserte var småstykke og barneforteljingar: ”Han har meget at gjøre ferdigt, men aldrig tid. Desværre, desværre! Det eneste, han kan faa fra haanden, er smaastykker, børnefortællinger”.[xi] At mannen var ein barnelitterær pionér, var ho slett ikkje klår over.

Men det at Sivle på denne måten kom i kontakt med Nordahl Rolfsen, skulle vise seg å bli viktig nok. Rolfsen arbeidde denne tida fram den klassiske leseboka som berre har Bibelen og salmeboka framfor seg på den norske salsstatistikken, og her kom Sivle med, fyrst med ”Hjelpelaus”, dernest med ”Berre ein Hund” i landsmålsutgava av 1908. Og i dette bokverket blei Sivle ståande heilt til Thorbjørn Egner løyste av Rolfsen, og ikkje kunne fjerne ”Berre ein Hund”. Og slik blei Nordahl Rolfsen sjølve nøkkelfiguren for både det at Sogor blei transformert til barnebok, og at Per Sivle i det heile tatt blir hugsa og lesen i dag.

Alternativ til Brandes
Om Per Sivle sjølv ikkje var medviten det barnelitterære potensialet i Sogor, var han medviten om at boka kunne bli lesen og marknadsførd som eit alternativ til den Brandes-inspirerte tendenslitteraturen som dominerte 1880-tallet, litteraturen som skulle setje problem under debatt.

Arne Garborg var allereie på 1880-tallet førarfiguren for landsmålsforfattarane, og ein slags rådgjevar for Per Sivle i samband med utgjevinga av Sogor. Det var Garborgs idé at Sivle skulle skrive fleire forteljingar som ”Berre ein Hund” og setje dei saman til ei samling, ”utan nokon skrikande Tendens”. I så fall trudde Garborg at boka ville slå an ”baade hos et naivere Publikum og hos dem, som synes der har blit for meget af Problemliteratur.”[xii]

Og Garborg fekk rett. Av dei fem tekstane i Sogor er det rett nok berre dei tre fyrste som har overlevd som klassikarar til våre dagar. ”Heimadøypt” fungerer nærast som ei lita humoreske i slekt med Vossa-stubbane til Sivle, ei hjelpande hand frå skrivaren for å løfte lesaren opp att etter tragedien om Fanta-Nils, medan den siste, ”Hjelpelaus,” ikkje er noka historie i tradisjonell forstand i det heile tatt, men tre små episodar der eg-personens medynk blir vekt, høvesvis gjennom å sjå inn i eit par fugleauge, eit par hesteauge og auga til ei fattig kvinne utanfor Mangelsgården i Kristiania.

Denne teksten er ein epilog og eit apropos til dei dramatiske sogene. Om sogene samla sett handlar om samvitskvalar, kan epilogen med dei tre par auga vere ein slags refleksjon over kva det er som vekkjer samvitet vårt, nemleg den moralske forpliktinga som utgår frå blikket til eit anna levande vesen.

Dette er tankar som i dag er gjengs tankegods i mykje av samstidsfilosofien, spesielt hos en motetenkjar som den litausk-franske filosofen Emanuel Levinas. Levinas hevdar at all moralfilosofi byrjar med den andres andlet, at det i den andres andlet utgår ein appell til den som ser, om at vi er moralsk ansvarlege for kvarandre. Sivles vesle tekst legg seg påfallande tett opp mot ein slik filosofisk posisjon.

Og med ein slik Levinas-lesnad hamnar vi rett inn i spørsmålet om dette i så fall er barnelitteratur i det heile tatt. Kanskje hadde Sivle likevel rett? Kanskje var det feil å transformere novellene til barneklassikarar? Kanskje forstår vi dei best om vi les dei som tradisjonell vaksenlitteratur? Eller kanskje slepp vi å velje? Kanskje kan Sivles og ettertidas forståingar sameinast?

Jon Fosse, ein av mange seinare nynorskforfattarar som har late seg inspirere av Sivle, skreiv ein ofte sitert kronikk i Dagbladet i 1997 under overskrifta ”All-alder-litteratur”. Her hevda Fosse at god litteratur berre kunne ta estetiske omsyn, og ikkje vere tilpassa ei særskild målgruppe og dimed heller ikkje noka aldersgruppe, og at den gode barnelitteraturen dermed måtte vere all-alder-litteratur. Fosse hevda vidare at det var nettopp det han sjølv hadde forsøkt å skrive i sine såkalla barnebøker og at Ragnar Hovland og Einar Økland hadde vore pionerar i dette feltet: ”Dermed har eg vel òg nemnt ein annan viktig føresetnad for dei barnebøkene eg sjølv har skrive,” fortalde Fosse i kronikken, ”då eg begynte å skrive barnelitteratur var det, i alle fall på Samlaget, der eg har gitt ut mine bøker, alt etablert ein tradisjon for ein slags anti-barnelitteratur-barnelitteratur, eller all-alder-litteratur, som mine eigne skrifter går inn i og som hadde utvida i alle fall mitt bilete av kva som gjekk an som barnelitteratur…”[xiii]

Og om Fosse har rett i det, at det finst ein levande Samlags-tradisjon for all-alder-litteratur, kan det tenkjast at denne tradisjonen kan førast lenger attende enn Økland og Hovland, heilt attende til deira felles førebilete Per Sivle, og den eine av dei to bøkene han gav ut på nettopp Det Norske Samlaget, all-alder-boka Sogor, frå 1887.

Litteratur
Birkeland et al: Norsk Barnelitteraturhistorie, Tone Birkeland, Gunvor Risa og Karin Beate Vold, Det Norske Samlaget, 2005
Drange 2007: Rasmus Løland. Barnebokpioneren frå Ryfylke, Ernst Berge Drange, Det Norske Samlaget, 2007
Fidjestøl 2007: Eit halvt liv. Ein biografi om Per Sivle, Alfred Fidjestøl, Det Norske Samlaget, 2007
Fosse 1999: Gnostiske essay, Jon Fosse, Det Norske Samlaget, 1999
Sivle 1925: Skrifter, Per Sivle, Gyldendalske Bokhandel, 1925 (fyrste utgåve 1909)
Sivle 1963: Berre ein hund, Per Sivle, Det Norske Samlaget, 1963
Svensen 1974: ”Sogor”, Åsfrid Svensen, s. 88-110 i Sivle frå Voss, Bjarte Birkeland (red.), Det Norske Samlaget, 1974
Økland 1976: Ingenting meir, Einar Økland, Pax Forlag, 1976
 
________________________________________
[i] Birkeland et al 2005: 43
[ii] Sivle 1963
[iii] Økland 1976: 15
[iv] Bergens Tidende, 8.3.1993
[v] Klassekampen, 12.12.2003
[vi] Nasjonalbiblioteket i Oslo, Brevs. nr. 414, Per Sivle til Wenche Sivle, f. Nilsen, 4.2.1887 og 11.10.1886
[vii] Svensen 1974
[viii] Sivle 1925 II: 56
[ix] Sivle 1925 II: 70
[x] Kristianiaposten, 22.12.1890, Børnenes Juletræ 1890
[xi] Rigsarkivet i Danmark, Raj. nr. A-20/1-15, Arkivnr. 5050A, Wenche Sivle, f. Nilsen til Ingeborg Appel, f. Schrøder, 21.12.1890, sitert i Fidjestøl 2007: 245
[xii] Nasjonalbiblioteket i Oslo, Brevs. nr. 129, Arne Garborg til Per Sivle, 24.9.1885 og 3.9.1886
[xiii] Dagbladet 1997, trykt i Fosse 1999: 148-151