§1 – Føremål

Føremålet med laget er å styrkja interessa for og kjennskapen til Per Sivle og forfatterskapen hans.

§ 2 - Verksemd

Føremålet kan nåast ved å:

  • sjå til at Per Sivle og forfatterskapen hans vert gjort betre kjende.
  • medverka til at radio, fjernsyn og filmar om Per Sivle og forfatterskapen hans vert tekne vare på, nytta og gjort tilgjengelege.
  • arbeida for at det vert gjeve ut publikasjonar om Per Sivle og forfatterskapen hans.
  • skipa til minst eitt årleg Sivle-seminar. Innhaldet på slike seminar kan vera: føredrag, litterære studiar og ekskursjonar,dramatisering, musikk- og songaktivitetar.

Sivle-laget skal arbeida for å auka kjennskapen til “Sivle-minna” (bautasteinar, utstillingar, samlingar, mor si grav, Sivle-laget sine eignelutar m.m.), stø vedlikehaldet der det trengst, og leita målretta etter «skattar» som naturleg høyrer heime i desse samlingane.

§ 3 - Medlem

  1. Sivle-laget er landsfemnande og gjeld for einskildpersonar, familiar og organisasjonar, til dømes skular, verksemder, institusjonar, kommunar og fylkeskommunar.
  2. Medlemmer er dei som godtek laget sine vedtekter og betalar medlemspengar/-kontingent.
  3. Æresmedlemskap kan tildelast etter fastsette retningslinjer.
  4. Årskontingenten fylgjer kalenderåret og varierer for ulike kategoriar medlemmer. Satsane vert fastsette kvart år av årsmøtet.
  5. Medlemmer som skuldar kontingent for meir enn eitt år, vert rekna som ikkje-medlem.

§ 4 - Styre

  1. Sivle-laget vert leia av styret som tek avgjerd i saker mellom årsmøta.
  2. Styret skal:
    1. leia laget etter vedtektene og dei vedtak som årsmøtet gjer.
    2. utarbeida retningslinjer for Sivle-laget og styrearbeidet.
    3. oppnemna komitear/utval/personar til særskilde oppgåver og utarbeida instruks for desse, der det er naudsynt.
    4. administrera og føra naudsynt kontroll/vedlikehald med Sivle-laget sin økonomi, dokumentasjon og eignelutar i tråd med gjeldande retningslinjer, instruksar og det som er vedteke.
    5. representera Sivle-laget i samfunnet.
  3. Styret kan samla inn midlar til særlege føremål.
  4. Sivle-laget har eit styre på 7 medlemmer.
  5. Det skal veljast 3 varafolk.
  6. Styreleiaren vert vald for 1 – eitt – år om gongen i særskilt val.
  7. Styremedlemmene med varafolk vert valde på årsmøtet for 2 – to – år om gongen.
  8. Styret er vedtaksført når minst 4 styremedlemmer er til stades.
  9. Styreleiaren har dobbelstemme ved stemmelikskap.
  10. Varafolka får innkalling til styremøta.
  11. Valnemnd vert innstilt av styret for val på årsmøtet.

§ 5 - Rekneskap

  1. Rekneskapen skal førast av ein rekneskapskunnig person.
  2. Styreleiar attesterer alle utgiftsvedlegg.
  3. Styreleiar og nestleiar har prokura (fullmakt) og underteiknar i fellesskap.

§ 6 - Revisjon

  1. Rekneskapen skal reviderast av ein rekneskapskunnig person.
  2. Revisor vert vald av årsmøtet etter tilråding frå valnemnda.
  3. Revisjonsmelding skal utarbeidast og leggjast fram for årsmøtet.

§ 7 - Årsmøte

  1. Årsmøtet er Sivle-laget sitt høgaste rådsorgan.
  2. Årsmøtet vert halde kvart år i tida mellom april og september.
  3. Årsmøtet skal knytast til eit Sivle-seminar/arrangement.
  4. Årsmøtet handsamar årsmelding, rekneskap, budsjett, medlemspengar, arbeidsprogram og vedtektsendringar, og vel styre, vara, revisor og valnemnd.
  5. Årsmøtet skal kallast inn med varsel minst ein månad på førehand, med tilvising/lenke til der dokumenta for årsmøtet er gjort tilgjengelege.
  6. Kvar medlem (einskildsperson, familie og organisasjon) har 1 – ei – stemme ved deltaking på årsmøtet.
  7. Årsmøtet er vedtaksført med talet på stemmene til dei som deltek, anten ved frammøte eller på nett.
  8. Saker som skal handsamast på årsmøtet, må vera styret i hende seinast 14 dagar før.

§ 8 - Omframt årsmøte

  1. Omframt årsmøte kan kallast inn av styret eller når 1/3 av medlemmene krev det, med minst 14 dagars varsel.
  2. Berre dei sakene som er årsak til innkallinga, skal handsamast på møtet.

§ 9 - Endring av vedtektene

Framlegg til endringar av vedtektene skal sendast styret innan 14 dagar før årsmøtet.

§ 10 - Oppløysing

  1. Oppløysing av Sivle-laget kan berre koma etter handsaming på 2 etterfylgjande, ordinære årsmøte. I båe høve må det vera 2/3 fleirtal for oppløysing.
  2. Ved oppløysing skal laget sine verdiar setjast av til eit fond og nyttast til føremål nemnde i § 1 i vedtektene. Aurland, Voss og Drammen kommunar forvaltar fondet til vedlikehald av Sivle-minna.