Seminar &

Årsmøte

2017

I 2017 er det 160 år siden Per Sivle var født 6. april i Flåm.


I den anledning valgte Sivle-laget å legge sitt årlige seminar og årsmøte til Fretheim hotell i Flåm.

Det var flott oppmøte og engasjement av medlemmer og deltakere!

Oppslutningen på kulturkvelden var en formidabel suksess; det kom flere enn ventet og vi fylte salen! Det var mange innslag fra både lokale krefter (deriblant barn i fra Aurland Musikk- og Kulturskule, så vidt jeg husker), kjente skikkelser som Leif Rygg og Jens Brekke, samt flott innsats av Flåm Musikklag.

Her er hurtiglenker til referat og bilder fra helgens opplevelse.

Program for seminar og årsmøte lørdag 1. april

Kl 1200  Frammøte registrering og mat
Kl 1300  Opning av seminaret og årsmøtet

                 v/ leiar Roald Waktskjold

                 Musikalsk innslag  v/ Leif Rygg
Kl 1315    Dr.art Heming Gujord;

                "Den Litterære historieløysa - eller

                 Sivle og Elvis i Litera-City"
Kl 1415    Spørsmål og ordskifte
Kl 1445   Pause med kaffi/kake
Kl 1500   Årsmøte...
Kl 1630   Avslutning
Kl 1800   Trivleg kulturkveld med

                  Jens Brekke, Leif Rygg og

                  lokale krefter

                  Ledet av Ingvild Bryn
Kl 2000  Festmiddag

Saksliste for årsmøtet

Sak 1   Opning
Sak 2   Konstituering: val av ordstyrar, skrivar,

             og to til å skrive under møtereferatet
Sak 3   Årsmelding
Sak 4   Rekneskap/budsjett
Sak 5   Framdrift digitalt verktøy

             v/ Fredrik Galtung
Sak 6   Arbeidsprogram
Sak 7   Medlemspengar 2018
Sak 8   Årsmøte/seminar 2018:

             Tidspunkt og program
Sak 9   Val
Sak 10  Innkomne framlegg – må vera styret

              i hende innan 10.mars

Program for søndag 2. april

Kl 1000  Frammøte Fretheim hotell

                 Historisk rundtur i Flåm med

                 kransing av Sivle-steinen
Kl 1300  Avslutning med lunsj på

                 Fretheim hotell

Minnerike dagar med Sivle-laget i Flåm

Den første helga i april vart ei minnerik helg for medlemmer og vener av Sivle-Laget.

 

Per Sivle er ein forfattar som har sett djupe spor, og som mange gjerne vil eiga ein del av. Han var fødd og oppvaksen på vestlandet, og levde store deler av sitt vaksne liv på austlandet. Styret i Sivle-laget som sett saman av medlemmer frå aust og vest har teke konsekvensen av dette.

 

Dei siste åra har ein innført ei ordning med å la det årlege seminaret og årsmøtet gå på omgang, noko som har synt seg å vera ei god ordning. I fjor var samlinga lagt til Drammen der Sivle levde store deler av sitt vaksne liv.

 

I år er det 160 år sidan Per Sivle vart fødd og difor passa det ekstra godt at arrangementet var lagt til fødestaden hans i Flåm.

 

Markeringa starta med seminar laurdag der førsteamanuensis Heming Gujord frå Universitetet i Bergen held innleiingsføredrag med tittelen: «Den litterære historieløysa- eller Sivle og Elvis i Litera-City?» Gujord utdannar komande norsklektorar. Han poengterte at det skjer mykje godt arbeid med tanke på litteraturformidling i skulen, og at historieløysa gjerne ikkje er så stor som det ein kan få inntrykk av når ein står utanfor. Han peika likevel på faren som ligg i auka vekt på kompetansemål noko som kan vera med på å øydeleggja opplevinga som ligg møtet mellom lesar og tekst.

Etter årsmøtet var det duka for ein stor kulturettermiddag på Fretheim hotell profesjonelt leia av Ingvild Bryn. Om lag 130 menneske møtte fram til denne storslagne delen av Sivle-seminaret.

Alle aldersgrupper var representerte på scenen. Ingvild hadde samarbeida med skule og kulturskule og fått med mange unge lovande talent som framførde kjende songar frå Sivle så vel som frå Grand Prix. Andre som var dukka opp var meir erfarne på scenen som Ellen Marie Selland Geithung og Margunn Blikberg Nordgård og ikkje minst felespelaren Leif Rygg.

 

Men Leif viste at han kan meir enn å spela. Saman med Jens Brekke frå Vik fekk han latteren til å stå i taket då han spela gamle Ingebjørg som var saman med Kolbein då han prøvde å verta kvitt vepsane i Vepsabolet. Eit anna høgdepunkt var Flåm musikklag. Det er utruleg at denne vesle bygda kan stille med eit stort blåseorkester.

 

Leiaren i Sivle-laget Roald Waktsjold som har budd mange år i Oslo avslutta denne feststunda med å seia at dette arrangementet like gjerne kunne vore sett opp på Det norske teateret.

 

Som om ikkje dette var nok, så vart det endå ei kulturoppleving sundag føremiddag. Då gjekk turen til garden Flåm og til kransing av Sivlebautaen som står trygt planta like ved kyrkja. Dette er eitt av bustadområda som vart hardt ramma av flaumen i 2014. Innskrifta på bautaen som då hadde stått i 100 år, seier: «Mannen kan siga, men merket det må, i Noreg si jord som på Stiklestad stå». Området rundt steinen vart hardt rasert, men utruleg nok sto bautaen like godt som han har gjort i hundre år. Det same gjorde kyrkja der Per Sivle vart døypt.

 

Tre av dei yngste jentene frå kulturkvelden framførde songar og la krans på bautaen der om lag 40 menneske var samla. Kanskje treng me ikkje vera så redde for historieløysa til den oppveksande slekta likevel? Gjennom nokre få timar denne søndags føremiddagen gav Olav Ellingsen og Ingvar Vikesland ei levande og lærerik innføring i gammal og ny historie knytt til Per Sivle og fødestaden hans.

Neste år vert seminar og årsmøte i Sivle-laget lagt til Stalheim. Me vonar på like godt oppmøte og innhaldsrikt program der.

Ingrid Helleve

 
Album

><
1/6