Vedtekter

§ 1 - Føremål

Føremålet med laget er å styrkja interessa for, og kjennskapen til Per Sivle si dikting.

 

Dette kan gjerast ved å:

  • sjå til at Per Sivle sine bøker og skrifter vert gjort tilgjengelege for ålmenta.

  • medverka til at radio, fjernsyn og  filmar om og med Sivle si dikting vert tekne vare på og nytta.

  • arbeida for at det vert gjeve ut publikasjonar om forfattaren og produksjonen hans.

  • skipa til minst eit årleg Sivle-seminar. Innhald på slike seminar kan vera: foredrag, litterære studiar og ekskursjonar, dramatisering, musikk- og songaktivitetar.

 

Sivle-laget skal arbeida for å auka kjennskapen til ”Sivle-minne” (bautasteinar, utstillingar, samlingar, mor si grav, m.m.), stø vedlikehaldet der det trengst, og driva oppsøkjande verksemd etter skattar som naturleg høyrer til desse samlingane.

 

§ 2 - Medlem

Sivle-laget er landsfemnande for einskildpersonar, familiar, organisasjonar, skular, verksemder, institusjonar, kommunar og fylkeskommunar.

Medlem vert den som godkjenner laget sine vedtekter, og betalar medlemspengar.

Æresmedlemskap kan tildelast etter fastsette retningslinjer.

Årskontingenten fylgjer kalendaråret, og kan variera for ulike kategoriar medlemar. Prisane vert fastsette kvart år av årsmøtet. 
 

Styret kan samla inn midlar til særlege føremål.

§ 3 - Styre

Sivle-laget har eit styre på 7 medlemar, 3 i arbeidsutval (tett busette).

Det skal veljast 3 varafolk.

Styreleiaren vert vald for 1 – eitt – år om gongen i særskild val.

Styremedlemene med varafolk vert valde på årsmøtet for 2 – to – år om gongen.

Styret er vedtaksført når minst 4 medlemer er til stades.

Styreleiaren har dobbelstemme ved stemmelikskap.

Varafolka får innkalling til styremøta.

Styret skal leia laget etter vedtektene, og dei vedtak som årsmøtet gjer.

Styret har ansvaret for rekneskapsføringa, vedtektene, dokumentasjon og eignelutar.

Valnemnd utnevnes av styret for val på årsmøtet.

§ 4 - Rekneskap

Rekneskapen skal førast av godkjend rekneskapsførar.

Styreleiar attesterer alle utgiftsvedlegg.

Styreleiar og nestleiar har prokura (mynde), og underteiknar i fellesskap. 

§ 5 - Revisjon

Rekneskapen skal reviderast av ein rekneskapskundig person.

Revisor blir vald av årsmøtet etter tilråding frå valnemnda.

Revisjonsmelding skal utarbeidast og leggjast fram for årsmøtet.

§ 6 - Årsmøte

Årsmøtet vert halde kvart år i tida mellom april og september.

Årsmøtet skal knytast til ei kunstnarleg markering.

Årsmøtet handsamar årsmelding, rekneskap, budsjett, medlemspengar, arbeidsplan, vedtektsendringar, og vel styre, revisor og valnemnd.

Årsmøtet skal kallast inn med minst 1 månads varsel.

Kvar medlem (einskildsperson, familie og organisasjon) har 1 – ei – stemme ved deltaking på årsmøtet.

Saker som skal handsamast på årsmøtet må vera styret i hende 14 dagar før.

§ 7 - Omframt årsmøte

Omframt årsmøte kan kallast inn  av styret eller når 1/3 av medlemene krev det, med minst 14 dagars varsel.

Berre dei sakene som er årsak til innkallingi skal handsamast på møtet.

§ 8 - Endring av vedtektene

Framlegg til endringar av vedtektene skal sendast styret innan 14 dagar før årsmøtet.

§ 9 - Oppløysing

Oppløysing av Sivle-laget kan berre koma etter handsaming på 2 etterfylgjande ordinære årsmøte. I båe høve må det vera 2/3 fleirtal for oppløysing.
 

Ved oppløysing skal laget sine verdiar setjast av til eit fond, og nyttast til føremål nemnde i §1 i vedtektene. Aurland, Voss og Drammen kommunar forvaltar fondet til vedlikehald av Sivle-minni.

Vedtektene oppdatert og godkjent på årsmøte 7. september 2019