Jostein Stalheim
Jostein er fødd og oppvaksen på Stalheim. Han hadde Olav Ullestad som lærar i heile ungdomstida og etter Musikklinja på Voss gymnas drog han til København der han debuterte i 1987. Deretter tok han vidare studiar i komposisjon ved Norges Musikkhøgskule.
Han har spelt som solist i og utanfor Norden med orkestre og på festivalar i Europa. Han har arbeidd innan mange sjangrar i samarbeid med andre komponistar og utøvarar og gjort ei rekkje CD og video-innspelingar. Han har komponert mange verk for orkester, solistar, kammermusikk, teater, opera og dans; m.a. for Nasjonalballetten i Oslo, Carte Blanche Dansekompani, Den Nationale Scene. I fjor spelte han inn CD med Bergen filharmoniske orkester. I det siste har han jobba ein del med stadspesifikke og tverrfaglege verk som t.d. Klagesang til fuglefjellet som stilna; Vedøya på Røst.
Jostein er svært engasjert i å komponere for og med barn og unge - etter inspirasjon frå åra på Voss med Ullestad. Han har tidlegare laga jubileumsverket Lilja til Voss Kulturskule, To hender til Fana kyrkje og Haustspel til jubileet for Høgskulen på Vestlandet (HVL) i Grieghallen. Han skal neste år skriva eit verk for barn og ungdom ved Sommerstryk i Bergen.
Han har vore produsent for skulekonsertar i Hordaland i mange år og er sidan 2004 tilsett ved HVL der han er professor på kunstnarleg grunnlag. Her arbeider han m.a. med eit kunstprosjekt med støtte frå Program for Kunstnerisk utviklingsarbeid (HKdir-PKU). Dette skal bli hans tredje opera; Zosimos´ni liv – ein telematisk opera. Urpremieren av operaen blir på Borealis festivalen i Bergen 2026 med partnere i Sverige, Tyskland og Egypt.
For meir informasjon om Jostein Stalheim, klikk her.