"Kva kan Sivle-laget gjera for at klassiske norske forfattarar som Per Sivle ikkje går i gløymeboka for oppveksande generasjonar?"

Dette er eit av mange spørsmål som styret i Sivle-laget jobbar aktivt med!

Eit viktig fokus for Sivle-laget er nettopp å sikra tilgang til informasjon om og av Per Sivle, som me fortløpande gjer tilgjengeleg på nettsida. Her legg me ut dikta hans, forteljingar, historier om hans liv & virke, beskrivingar om omgangskrinsen hans og kven han skreiv om, kampen hans for dei svake og mot overmakt - og det brennande engasjementet hans for norsk sjølvstende og unionsoppløysinga frå Sverige.

Me legg også ut minneord og omtalar om Per Sivle, informasjon om minnesmerke, lagaktivitetar og medlemsfordelar - og me vil også framover leggja ut samanfatta Sivle-materiell til bruk i skulane for oppnåing av kompetansemål!

Ved sida av å ferdigstilla digitalisering av heile forfattarskapen til Per Sivle, skal me samtidig utarbeida presentasjonar, oppgåver, Kahoot! og anna materiell til fri bruk i undervisningssamanheng i skulane. Blant Sivle-lagets medlemmer er det mange lærarar med eit sterkt ynskje om å "få Per Sivle tilbake igjen i skuleundervisninga", og fleire av desse er med i prosjektgruppa me har etablert for dette føremålet.

Er du lærer, og har idear, forslag eller ynskje til kva me kan bidra med for å hjelpa deg å bruka Per Sivle i undervisninga di? Send oss gjerne innspela dine til post@sivlelaget.no!