Aslak Fitjeskalle

(Per Sivle)

Han var av ein velkjend
Nordmanna-Sort.
Han meinte som so,
at han var noko stort,
   kravde som fyrste-Mann
   Rom millom hine;
   — for h e r var han Aslak,
   Gutarne mine!

Og um inkje sjølv
han nettupp steig:
han tyktest seg veksa,
naar andre seig.
   Men den som han helst
   saag dotten attende
   var Erling Skjalgson,
   hans eigen Frende.

Ja, sat han kje der
som Ørn i sitt Reir,
vart kalla for "Rygja-
Kongen"
dessmeir,
   var endaa med Trygvasons
   Syster gifta!
   — Var sovore Rett
   millom Frendar skifta!

Men Aslak han hadde
ei Øks som var kvass!
— aa, ho kunde eingong
koma tilpass!
   — Ja, nettupp i Hogg-Drag
   so kunde det vera,
   han heller saag Erling
   paa Fraastand en næra.

Men endaa — endaa
det kunde vel gaa
at han paa Erling
Hogg kunde faa!
   — og aller helst
   um den Sole-Skjelmen
   høvdest til Møte
   utan Hjelmen.