Begna

(Per Sivle)

Olav seg sette
ved Strandi ned
tidleg ein Morgon
i Sundags-Fred.
Han ser paa Fjorden,
som stille stend,
— men gjev han Gaum,
so strøymer det enn.

Det er Begna, som strøymer
ut imot Hav,
— kor mykje ho sjølv
no veit derav.
Det er Begna, som gjeng seg
fram ifraa Fonn
fyr Tenest aa taka
i Heimsens Onn.

Ho sig gjenom Myr,
ho renn gjenom Urd.
— eit Fram-Drag gjeng tyngre
enn sume trur.
Ho bykser som Foss,
og ho ligg som Sjo,
men endaa so renn ho,
og bergar seg so.

Ho slær seg saman
med Systrer i Mengd
og veks alt meir
etter Vegens Lengd;
snart vert ho ei Magt,
der fram ho fer,
so Kverni ho mel,
og Sagi ho skjer.

Og Begna ho tek seg kje
Tid elder Tol,
ho stemner vidare
fram mot sit Maal.
Og drjuge Grytor
ho finn millom Fjell;
men Begna gjeng paa
og fyller deim lell.

Og Dramn ho fer
so drust forbi.
— So synst det med eitt,
som ho kjem i Hi.
For ute ved Svelvik
laag der av Sand
ein Mur, som reist
utav Gygre-Hand.

Og Begna braut paa;
nei, der stod ho fast.
Det tedde kje Von,
at Muren han brast.
— Ja, soleis hev Segni
sagt fyre meg,
og lyger so ho,
so er det kje eg.

Og Segni ho segjer,
det var ei Sut
fyr Begna aa koma
vidare ut.
Men so — ja, eg provar det
inkje for visst
ho fann seg Veg
gjenom Sande tilsist.

Nei, denne Um-Veg
var daa for lang;
— eg tenkjer, at just
i ein Flaumar-Gang
ein Vaar so set Begna
Horni til,
gjeng like paa
og vil det ho vil.

Og dermed so brest
den Gygre-Vegg,
og Begna ut
gjenom Glapet legg,
skumar sin Veg
fram utan Taum;
— den Vegen kallar me
Svelvik-Straum.

Og Begna ho er seg
so heil i si Traa,
at der ho skal fram,
ho driv berre paa,
   — og kjem seg so dit,
   der ho steig seg av:
   det Vida, det villa
   Heimsens Hav.