Dale-Gulbrand
(Per Sivle)
Han var berre Herse;
men so er sagt:
han raadde med burtimot
kongeleg Magt,
og nemnd vart han Erling
Skjalgson sin Like.
Og Gudbrandsdalen
det var hans Rike.
Og stivt paa det Gamle
sin Grunn han stod,
- ein Ting som kann priseleg
vera og god;
det gjeld berre um
aa passa Maaten,
og inkje staa Staur
der Grunnen er roten.
Men det var dette,
han gjorde just,
og tykte sjølv,
at det var so grust.
Ein gamall, innholen
Tor av ein Kubbe
han dyrka som Gud,
den Døle-Gubbe.
Og inne i Kubben
der hadde Hus
ei Herje-Horg
av vel-gjødde Mus.
For Tor fekk seg etla
den glupaste Maten,
og Maten vart eten,
— men Musi fekk Baten.
So kom Kong Olav
derupp tilsist
og baud deim aa tru
paa den kvite Krist.
Men Gudbrand kytte,
at minder enn lite
mot Kubben hans eigen
var Krist den kvite.
Og Kolbein den sterke
der attmed stod
med Hand paa si Klubba,
og Klubba var god.
Og Kongen eit Augna-Kast
til honom sende,
og Kolbein blinka
so løynt attende.
Og best det var,
han smelde til Tor,
so Døle-Guden
i Molar for.
Og fram sprang Skade-Dyr,
store og fæle;
og Dølerne miste
mest Munn og Mæle.
Men Gudbrand han var seg
so mykje til Mann,
at fyrste Døl
som tok Daupen var *han*.
Han stod inkje lenger
i Stagge og storkna
enn til han fekk Syn,
kor det gamle var morkna.
Og stødt han sidan
i Trui stod.
Og alltid vart han
Kong Olav god,
stydja hans Sak
der kringum i Galom
og bygde ei Kyrkja
der uppe i Dalom.