Elisabeth Edland

(Per Sivle)

Det anga vaar der ho framum skreid,
   so trygg i si trauste Tru.
Og yver all Heimsens vanske som beid
   so hugheilt bygde ho Bru.
Elisabeth Edland, du staute Møy,
som vart oss so dyr og kjær:
   kvil sott i di Jord-Seng paa Moster-Øy.
   — Gud veit at me saknar deg her.

Du var so ung og so Yrke-fræg,
   du var berre Kraft og Mod;
— du vilde at andre sku nøyta med deg
   ditt friske bankande Blod.
So gav du deg sjølv til du sovna av,
du vilde oss alle so vel.
   Og difor var det du gjekk i di Grav
   so glad og so siger-sæl.

Det var eit Ord som vart sanna-sagt,
   der fram paa Tilet du stod:
du hadde Tunga med Manar-Magt
   og hjarte-takande Glod.
Du var so sann i ditt heile Verk,
du tala ditt eige Maal.
   Og difor var det du var so Sterk
   med Ord fraa di eigi Saal.

Du saag utyver ditt Noreg fram,
   — og landet var fagert og godt.
So saag du og at me hev ei Skam
   som er vaart Noreg til Spott.
Og inn du sette ditt rike Pund
til Bot mot den sjuke Traa.
   Og at du livde ei signa Stund,
   vil Noregs Framtid faa sjaa.