Fadder
(Per Sivle)
Paa Ringerik fekk dei
Vitjing ein Dag,
og det av ein Mann
taa eit Serlaga Slag.
Du saag kje hans Like,
og Konung var Karen,
og Namnet var Olav,
og Trygve het Faren.
Og Haraldson gjekk
i sitt sette Aar,
— ein tettvaksen Stolpe
med langkrulla Haar.
Og Trygvason strauk
yver blankgule Luggen :
"Kva hev du so tenkt deg
i Livet, du Ruggen?"
"Aa, Konung i Noreg,
nett likasom du."
Og Konungen log :
"Ja, eg kunde mest tru!
For Kongs-Augo hev du,
fullt sterke og kvasse.
Men so lyt du kristnast,
— no fell det so passe."
Og Guten vart kristna.
Og Trygvason stod
sjølv Fadder, og gav so
ei Daaps-Gaava god :
eit gullhjalta Sverd,
som du best kunde sjaa det.
Og Sverdet var slikt:
det var Kross-Handfang paa det.