Harald Grenske

(Per Sivle)

Han Harald Grenske
var storfelt og fjaag,
men ofta du med
som ein Viming han saag.
   Han raadde eit lite
   men fagert Lende
   og hadde til Kona
   eit drustelegt Kvende.

Men det, som han hadde,
han inkje fann nok.
Og daa i sitt Land
inkje hogre han rokk,
   so strauk han til Sverik
   og for der og gauka,
   - der, meinte han, skulde
   sitt Velde han auka.

Han mælte med Vanvyrd
um Kona og Heim
og heldt seg for god
og for grepa fyr deim.
   Og verre og verre,
   di lenger det skura,
   han bala og fridde
   og skrytte og tura.

Men Svenskarne stod
berre mylte og flein.
So brende dei upp han
til minder enn Bein.
   Slik gjeng det han Harald,
   avdi at han likar
   aa fara til Sverik
   som Narr og som Svikar.

Men lell han oss leivde
ein Arv som er stor.
For heima sat Kona,
og Kona vart Mor.
   Og Guten ho aatte
   vart Kulten vaar eigen.
   For det er han Olav
   fraa Stiklestad-Teigen.