Harald Hårfagre
(Per Sivle)
Dei segjer der vest
paa Karmsund-Leid,
der Hårfagre sov i sin haug,
at bryt seg i storm
havet mot land
med dunder og ylande draug,
då vaknar gamlingen,
reiser seg upp
og skodar kringum seg vidt;
og auga logar
lik kvasse eld,
som der han stend
i den myrke kveld
og ser yver landet sitt.
Og då det er,
at møtest det tvo,
so spør den eine
den andre som so:
"Heve du set han Harald blunka?"
Når båra velt seg
frå framand strond
med tore-dyn
imot Noregs rond
og brøyter skum-veg
til sund og vik
og strår yver strender
vrak og lik,
- då stig han,
nordmanna-storegut,
i brynje-bunad
or haugen ut
og skodar yver
si heimsens bygd,
um kollane stend
med si gamla trygd,
og ser seg ikring,
um det inkje er so,
at enno ligg Noreg
fritt yver sjo,
og røyner etter,
um landsens menn
stend burtmed varde
paa vakthald enn;
- då er det, dei ser han Harald blunka.
Men kjem det ei tid
då Noregs folk
kysser på hand
og takkar for svolk,
og gløymer det,
som det eingong var
og hugsar kje på,
det var skapt til kar,
og let seg nøra
med vanvyrd og svik,
og bed til sjaund
fyr sitt eige lik,
- daa ser dei kje meir han Harald blunka.
Og du, som er
av vårt eige lag,
du, som liver
i Noreg idag:
heve du set han Harald blunka?