Ingegerd hev Ordet
(Per Sivle)
"Mangt og mykje
Møy mun freista,
som huglagt hev
den ho inkje kann faa.
Eg vontest so visst,
fraa vesall eg var,
at møta meg skulde
ein makalaus Gut
som vilde av Vækjor
i Verdi Vida
velja seg meg.
Gav eg han gjerna
med Hjartans Gleda
heile min Hug
og alt eg hadde,
Tanke og Traa
og heilag Truskap,
Vilje og Von
og varm Famn;
og likare Løn
eg lengta kje etter
enn berre aa elska
min eigen Gut
og kjenna Kjærleik
koma attende.
Fekk eg Fraasegn
fretta um,
at no var til Noreg
nedanfraa Sudlandi
komen ein Kar,
tilmed Konung,
bjart under Bruni
med Brand i Augom,
breid yver Bringa
og brynje-budd,
vel-kjend Kjempa
med Sol-Skjegg urn Kinni,
Harald Haarfagres
herlege Arving,
ætta fraa Æser,
som sjølv eg er.
Det var, som vart eg
so bringe-varm,
daa detta eg høyrde,
og dertil sidan,
at fram i ein Fei
han for yver Landet,
rudde sitt Rom
og reiste sitt Rike,
styrde stødt,
der han stemnde paa.
Var det, som vart meg
i Hugen varsla,
at her var han
som eg hadde meg drøymt.
Og som det so sidan
kom Bod um Semjing
fraa han, den druste,
unge Drott,
og so, at Ingegerd,
Olavs Dotter,
han vilde til Viv
av Kvinnor seg velja
— m e g, som mest
av alt det maata —
daa vart eg viss,
at det var so laga,
og femnde fegi
min fagraste Draum.
Men myrkt det vart,
langt meir enn eg trudde.
Hat i Hugen
av heitaste To
ol han og amla med,
Far min eigen,
mot honom eg hadde
i Hjarta fest meg:
Olav, hin hæve
Haralds-Sonen.
Trudde eg, Torgnys
Tale sigra,
daa Fred vart fremja,
og eg vart fest.
Vart berre Vansken
endaa verre,
— svor Svia-Drott
med Hand paa Sverd,
at aldri eg Olav
skulde faa eiga.
Og inkje at eg
øygner Raad.
Men visst eg veit
at tru eg vert
inst attum alt
min Ungdoms Draum,
kva det so kann
elles koma.
Ja, mykje og mangt
Møy mun freista,
som huglagt hev
den ho inkje kann faa.
-— Men gjerna var eg Gjenta
aat so gasta ein Gut.