Knute Nelson
(Per Sivle)
Aa jamenn er det moro vera Vossa-Gut lell,
naar ein møter ein Voss som han Knute.
Me veit no, han er van med eit grummare Stell
hjaa all denne Storfant derute.
Men daa han isumar kom heimatt til oss,
hunn rugge, var han likavæl „rejalæ Voss"
og takka fyr Krotakling og Dravle.
Ja vel so er han Voss, men han er nokoslag til,
for han er det me alle sku vera :
han er seg ein Nordmann, som veit kva han vil,
og ein, som gjer sitt Fedraland Æra.
Og dertil er han Jenki, og han er det so høgt,
at ingen gjer no ferdi hans Knute so snøgt.
— Men endaa so er Knuta-Guten Nordmann.
Og Noreg gav til andre so mangen ein Gut,
som kom vel med derute i Verdi.
Og fekk han inkje anna, med sama han for ut,
fekk han Mannsto til Nista paa Ferdi.
Og lat det vera sant, at me fatige er,
so gjev me daa til andre langt meir enn me fær.
Og endaa gror det Manns-Magt i Noreg.