Lur-leik
(Per Sivle)
Og uppe i Fjellom
der budde eit Troll,
og det var eit Troll heitte Hein.
Han hadde ei Stova
der inni ein Koll,
og Stova ho var no taa Stein.
Og Troll
i Koll
og Hein
i Stein,
han sat der og lydde i Kollen,
naar Gjenta bles Lur nedpaa Vollen.
Og Jutulen opna
si Stein-Dør paa Glytt
og sette si Stein-Hand fyr Truten:
"Aa vena mi Gjenta,
aa skund deg og flytt!
kom upp og ver Kona i Nuten
hjaa Troll
i Koll,
hjaa Hein
i Stein!
Eg breider deg Gull-Tjeld paa Tilja,
um du meg vil vera til Vilja!"
"Nei, du er so gamall
og graakald og tung
og kann inkje kyssa fyr Trynet.
Og eg er so spretti
og raudleitt og ung
og frisk som ein Vaardag i Synet.
Du Troll
i Koll,
du Hein
i Stein
— aa lium og lu-um og lilja!
eg vil deg kje vera til Vilja!“