Margreta Fredkolla

(Per Sivle)

Aldri fekk Møy
heruppe i Nord
til Namne-Fylgje
eit fagrare Ord.
   "Fredkolla", Gjenta
   med Fred i sin Famn,
   — nei aldri ho fekk
   eit fagrare Namn.

Det segjest ofta,
at Semja og Fred
er just inkje sjølvsagt,
der Kvinna kjem med.
   Men denne Margreta,
   det veit me so sant:
   ho var baade Freden
   og Freden sitt Pant.

Med Noreg og Sverik
eit Uver braut laust.
Og dengong bles Uveret
inkje fraa aust.
   Kong Magnus, den "berrføtte"
   Galning han var,
   sku "spenna i Beina"
   og syna seg Kar.

So velte han seg
yver Sverik inn.
Men daa fekk han Juling
fyr Umaken sin,
   og derfraa med Skjemdi
   han vart kasta ut,
   so heimatt han "Nosi si
   bar i ein Klut."

— Aa nei, der gjekk inkje
den sigrande Veg,
som Nordmenn fraa gamall Tid
hadde fyr seg.
   Med Sverik i Semja
   det Fagnad vart av.
   Men elles gjekk Nordmannens
   Veg yver Hav.

Kong Inge Steinkellsson,
Sviarnes Drott,
det var vel kje fritt,
at han mylte so smaatt.
   So sa han: "Kong Magnus,
   det aldri var Tid,
   daa Sviar mot Nordmenn
   gav Heppa i Strid.

— Men Granne, skal alt
vera rettugt og bra,
eg tykkjer, at Drotten
si Drotning lyt ha.
   No hev eg ei Dotter
   so fager og fin;
   — høyr her: vil du verta
   Versonen min?"

Og Magnus sa ja.
Og den Semja vart fast;
og sidan det vara
og rokk fyrr ho brast.
   Og upp yver Kjølen
   paa fagnadsam Vis
   steig Røyster imøtes
   til Fredkollas Pris.