Nidaros og Lade
(Per Sivle)
Kong Trygvason var
den fyrste som saag,
kor lagleg til By-Tuft
Nidaros laag.
Men Lade-Jarlarne
lika kje detta:
dei tykte, at Lade
var Tufti den retta.
Daa Jarlarne raadde
i Noregs Land,
dei vyrde Nidaros
aldri det Grand.
Og Trygvasons Stovor
fekk falla og rotna,
imedan paa Lade
ein By dei botna.
Men so kjem Haraldson
endeleg til.
Han ser, — og so veit han
med eitt kva han vil.
Og med det sama
Tanken var funnen,
so reiser han Trygvasons
By av Grunnen.
Og enno idag
stend Nidaros der,
— ein Noregs Jarnstaur
i Vind og ver.
Og søkjer Noreg
sitt eige Lende,
so gjeng det til Nidaros
helst attende.