Sjo
(Per Sivle)
Det skal liva, vaart Noreg,
sin fagraste Dag
fraa den Stund, daa dei dømde det daudt.
Det er sidan at Landet
hev vunne sitt Flag,
— det ei kvitt, det er blaatt, det er raudt;
det skal fløyma i Vind,
det skal glitra i Sol,
det er Noreg sitt Fridoms-Symbol.
Her er Fembyrdings-To
i den Norrøna-Traa,
me hev set det og røynt det fraa før.
For i Motevind er det,
ho kvassast gjeng paa,
det er mest hennar glupaste Bør.
Og slær Sjo yver Stamnen
med Dunder og Sprut,
kann ho sigla han atters og ut.
Me hev framyver vunne
fraa Tid og til Tid,
og di betre di verre det bles.
Og det ventar oss enn
mang-ei Austanvers-Rid,
fyrr me rekk um dei komande Nes.
Endaa det er no inkje
vaar argaste Naud;
— nei, men Daud-Sjo er Nordmanna-Daud.