Skjori
(Per Sivle)
So jamen dreg Skjori alt til Reir,
— ho gløymer nok reint det er Vetter,
Og det kan nok henda med nokon fleir:
Dei hugsar kje det som kjem etter.
Naar Solstraala glytter so god og varm
fraa Høgdi ned til vaar Snjoheim arm,
so Tid-Væta Stend i vaart Fote-Far,
om enno me berre hev Februar,
— aa haa, jau daa er me høgt paa Sokken
at Vaaren han er alt so fjerre rokken.