Sverre

(Per Sivle)

Det var Konung Sverre,
den Mannen so raust,
   at Noreg saag ingen hans Like,
det segjest, han var
burti Bjørgvin ein Haust
   paa vardande Vakt fyr sitt Rike.
Og der kom daa Tysken
med Øl og med Vin.
So kaupte dei Nordmenn
seg fulle som Svin.
   Og sume dei huja,
   og sume dei raut,
   og sume dei bardest,
   so Blodbylgja flaut.

Og Sverre baud Andvake
ljoma til Thing.
   Og Aalmogen sanka seg saman.
Og Sverre stod upp,
og han saag seg ikring,
   og Augo, dei spaadde kje Gaman.
Han seint tok til Orde,
og tala som so:
„Til Noreg gjeng beinaste
Veg yver Sjo;

   den Leidi det er,
   som ber snøggaste fram
   fyr Noreg si Heppa
   og Noreg si Skam.

Eg tenkte, eg no
fraa det Fimreite-Slag
   var Konung i Noreg aaleina.
Men naar eg no ser,
kva som hender idag,
   eg veit inkje kva eg skal meina
For um eg er Norrøna-
Konungen, eg,
her er fulla den,
som vil raada med meg.
   Og det er nok ein,
   som er sleipare Kar,
   enn Erling hin skakke
   og Magnus det var.

Men no fær det røynast,
paa standande Bein,
   um enn eg i Noreg er Herre.
Og det skal de hugsa dykk
alle som ein,
   at detta er Ordi hans Sverre:

"Velkomen er kvar,
som kjem her med Korn
til Mette fyr Mann
og fyr Kona og Born.
   Men dei, som vil tyna
   vaar Vælferd og Fred,
   lyt strjuka av Land,
   — ell so høgg eg dei ned.“

Og dermed kan henda,
at Tysken var glad,
   han treiv sina Tunnor i Loggi
og trilla paa Skuta
og siglde avstad
   og berga seg sjølv og so Doggi.
— Og Sverre, han hadde
eit Auga so gløgt,
at var der ei Veila,
so saag han det snøgt.
   Og Sverre, han stod inkje
   berre og saag:
   han brukte aa bøta,
   der Mein-Veila laag.

Men Sverre er burte,
— so no vert det best
   fyr Noreg som Folk og som Rike
at Nordmannen sjølv
vert sit Lands „Sverre Prest“
   og Konung i Heilhug tillike.
So signar han deim,
som aukar hans Korn
til Mette fyr Mann
og fyr Kona og Born.
   Men det, som vil tyna
   hans Vælferd og Fred,
   lyt strjuka sin Veg,
   ell so høgg han det ned.