Sylvester Sivertson

(Døydde 6. desember 1847)

(Per Sivle)

Eg fann i Drammen
ein Bautastein,
som vaktar yver
ein gild Manns Bein.
   Det elda Bringa mi
   varm, daa eg saag
   at her var det Sylvester
   Sivertson laag.

Han var av dei fremste,
sorn gjekk i Strid
fyr Noregs Rett
i ei Brjotingstid.
   Der Wergeland merket
   framfyre bar,
   der fylgde du
   som ein Fagnakar.

Du gjekk deg til Kvila
so trøytt og saar.
Og lidne er sidan
halvthundrad Aar.
   Men me, som hev Livs-eld
   av sama Slag,
   me flettar ditt Minne
   ein Krans idag.

Det gjer me, fordi
du var Noreg tru.
Me lyfter det Sverd,
du laut sleppa, du.
   — Gjev det verte sagt,
   der me kvar ligg Lik:
   Her kviler ein Nordmann
   utan Svik.