Til Telemork
(Per Sivle)
Aa, kunde eg fara til Telemork
og liva ei Sumarstund!
Der gror det Ryllik paa Stove-Tak
og Songar paa Folkemunn.
Til Telemork, dit stend mi Traa
til Gauksto-Fjell
og til Vinje-Gjeld,
til Rjukan sval
og til Morgedal.
— Til Sumars so fær me sjaa!
Eg lengtar aa sjaa der dei kom ifraa,
dei fyrste i Sverres Flokk.
Dei valde aa berjast med Næver paa Bein,
til Daud eller Siger dei rokk.
Dei rokk det Maal, dei vilde naa.
Og me stend her
og halvlinga er.
Eg tenkjer som so,
naar Noreg vil gro:
til Sumars so fær me sjaa.
Eg langtar aa sjaa, der han Aasmund rann
som Raun av den gamle Rot.
Eg lengtar aa sjaa, der han Jørund Skald
gjekk fram paa sin Gjætar-Fot.
Eg vitja vil han Dyre Vaa
og gjesta Troll
inni Grunge-Koll
og Raudberg-Nut,
og so Storegut.
— Til Sumars so fær me sjaa.
Eg kjem meg vel eingong til Telemork,
um inkje det vert iaar.
Og daa lyt det vera Sumar og Sol,
og eller so Sol og Vaar.
Til Telemork, dit stend mi Traa,
til Gauksto-Fjell
og til Vinje-Gjeld,
til Rjukan sval
og til Morgedal.
— Til Aars — ja, so fær me sjaa!