English version of "Tord Foleson".

 

Tord Foleson

(Per Sivle)

Dei stod paa Stiklestad,
fylka til Strid,
den gamla og so
den nya Tid,
      det, som skulde veksa,
      mot det, som skulde siga,
      det, som skulde falla,
      mot det, som skulde stiga.

So drog dei Sverdi
i sama Stund,
den bjarte Kong Olav
og den graa Tore Hund.
      Og Herropet dunde,
      so Jordi ho dirra,
      og Spjoti dei suste,
      og Pilarne svirra.

Men so er det sagt,
at ein gasta Kar,
Tord Foleson, Merket
hans Olav bar.
      Og denne Tord Merkesmann,
      honom me minnast,
      solenge i Noreg
      Merkesmenn finnast.

Daa Tord han kjende,
han Banasaar fekk,
der fram i Striden
med Merket han gjekk,
      daa støyrde han Stongi
      so hardt han kunde,
      i Bakken ned,
      fyrr han seig innunde.

Og gamla Soga,
ho segjer so,
at Tord han stupa,
men Merket det stod.
      Og soleis maa enno
      Mannen gjera,
      skal Framgangs-Merke
      i Noreg han bera.

Mannen kann siga;
men Merket det maa
i Noreg si Jord
som paa Stiklestad staa.
      Og det er det stora,
      og det er det glupa,
      at Merket det stend,
      um Mannen han stupa.