Troll
(Per Sivle)
Trollet det sit
inni Noregs Fjell
og huggar seg sjølv
fraa Morgon til Kveld;
og atter fraa Kveld
og til Soli sprett
det sit so trutt
paa sin Trolle-Rett.
Og slik kann det sitja
i Hundradtal Aar,
alt medan Verdi
rullar og gaar.
Og Livet det veks
i Sol og i Dag;
men derav veit Trollet
aldri det Slag.
Og Stova er Berg,
og Stolen er Stein,
og Trollet sjølv
er hardt som ein Hein;
til bryna med
kann det verta godt,
men teke som Liv
so er det ei Spott.
Og Soli er Trollet
sitt verste Mein;
for ser det ho, vert det
heiltupp til Stein.
— Her er i Noreg
den Dag idag
so mangein Graastein
av sovore Slag.
Og inkje so fær dei
vera ifred;
for dei lyt byggja
vaart Noreg med.
Me tek og dreg deim
fram ifraa Urd,
— dei er so grepa
aa leggja i Mur.
Og Nordmannen slit,
til Grunn-Mur han fær,
timbrar so Stova si
ovanpaa der,
og liver Livet
med Kona og Born;
og rundt ikring
stend hans Gras og Korn.
Og mangein mosegrodd
Trolle-Kropp
vart sett til Merke
paa Hauge-Topp
til Vakt yver norske
Fagnamenns Bein.
— Ein sovoren kallar me
Bautastein.
***
Det segjest so
i ein gamall Song,
at Olav han skulde
til Trondheim ein Gong;
og kva det no elles
var som stod paa:
han turvte med snøggaste
Nidaros naa.
Han kom yver Sjo
fraa framand Hamn
og siglde sitt Skip
som bar Uksen sitt Namn.
Og det er no slik
med ein Ukse-Tamp,
at han kann vera
ein seinvoren Slamp.
Og Leidi, ho var
alt anna enn bein.
Og Olav han maatte kje
verta for sein.
So gjekk han seg fram
i Skute-Stamn:
"Beint fram, Ukse,
i Jesu Namn!"
Og dermed sette
Uksen i Fok,
so Sjoen stod
i eit rjukande Rok.
Og verre og verre
han busa paa,
til Noregs Berg-Strand
dei fekk aa sjaa.
Og Uksen han stemnde
beint imot
og braut seg Veg
gjenom Berg og Grjot.
Og alle dei Trolli
i Bergi beid,
dei pilta med Rova
til kvar si Leid.
Men dei som fekk Olavs
Sol-Skjegg aa sjaa,
dei vart til Stein,
baade store og smaa.
— For um ein er Troll,
er det inkje gjort,
ein difor Skal verta
til noko stort.
So kom dei til
ei Berg-Kjerring fram;
ho sat og spann
paa Noreg si Skam:
eit Noreg som stein-stod,
og inkje meir.
— Av slike Kjerringar
hev me fleir.
Og Kjerringi upp
med Rokk og Tein:
"Kong Olav, kvi Sigler du
oss til Mein?"
Men med det sama
ho Skjegget hans saag,
som støypt i Stein
til Veggen ho laag.
Ho var kje den siste
Kjerring som kvokk,
naar Ljoset inn
gjenom Noreg rokk.
— Og sidan so hev dei
mina ho ut
i Dagsens Ljos
med Lunta og Krut.
Og Olav han stemnde
vidare fram,
og alle Trolli
fekk Last og Skam.
Han for utan Meinke
sin strake Kos
og kasta Ankar
i Nidaros.
***
Og Olavs Maal
kann me inkje naa,
og Olavs Sigers-Krans
kann me kje faa.
Me kann ikkje sigla
Olavs Veg;
men kvar fær no sigla
sin Veg fyr seg.
Og me lyt no krøkja
um mangteit Nes,
og bauta alt etter
som Vinden blæs.
-- Men sigler me hugheilt
i Jesu Namn.
so kjem me til Landa
i godan Hamn.