Dette minnediktet skrev Anders Hovden 7. september 1904 i Krødsherad, dagen etter at Per Sivle tok sitt eget liv. Gravferden for Per Sivle var lørdag 10.september 1904.

Minnedikt om Per Sivle
av Anders Hovden

Du som so einsleg gjekk og leid
og hjartefraus på Noregs heid,
no skal du heimvist finne.
Ditt minne eig vår beste blom,
ditt minne eig vårt hjarterom,
no bur du trygt der inne!

Din song so frisk og sprettug kom
som bjørkeblad og heggeblom,
som fuglen fin og fager.
Din song han kom med vår og gror
inn over Noregs hjartejord,
som låg so kald og mager.

Di røyst ho var ein Sverre-lur
i Noregs tunge gråsteins urd,
du sprengde dine lunger.
Du ville té oss leid som los,
men berre reiv di sjel til blods
på Noregs kvasse klunger.

Straks du er slokna, gjev me gaum,
no veks ditt mål som foss og flaum,
no stig i glans din skalle.
Din gneiste veks til heilag brand
av heimhug over Noregs land
i framtids ætter alle!


(gaum: merksam, påakting)