Berekraftig kulturformidling i ei digital tidsalder
Kulturarv som del av berekraftig utvikling
Berekraftig kulturformidling er ein viktig, men ofte undervurdert del av berekraftig samfunnsutvikling. Kulturarven formar identitet, tilhøyrsle og fellesskap, og spelar ei sentral rolle i korleis samfunnet utviklar seg over tid. I FNs berekraftsmål kjem dette indirekte til uttrykk gjennom mål som handlar om utdanning, redusert ulikskap, berekraftige byar og lokalsamfunn, og ansvarleg forbruk og produksjon.
I ei digital tidsalder gir teknologien nye moglegheiter til å sikra at klassisk norsk litteratur og kultur ikkje berre vert tekne vare på, men òg vidareutvikla og gjorde relevante for både nolevande og komande generasjonar.
FNs berekraftsmål som ramme for kulturformidling
Sivle-laget sitt arbeid med berekraftig kulturformidling kan knytast tydeleg til fleire av FNs berekraftsmål:
Mål 4 – God utdanning: Sikra inkluderande, rettferdig og god utdanning og fremja livslang læring.
Mål 10 – Mindre ulikskap: Redusera ulikskap i og mellom land, mellom anna gjennom likeverdig tilgang til kultur og kunnskap.
Mål 11 – Berekraftige byar og lokalsamfunn: Styrkja innsatsen for å verna og ta vare på kultur- og naturarv.
Mål 12 – Ansvarleg forbruk og produksjon: Redusera ressursbruk og miljøbelastning gjennom digitale og delte løysingar.
Digital kulturformidling bidreg direkte til desse måla ved å gjera kulturarven meir tilgjengeleg, meir inkluderande og mindre ressurskrevjande.
Digitalisering av klassiske norske forfattarskap
Digitalisering av klassiske norske forfattarar – som Henrik Ibsen, Sigrid Undset, Bjørnstjerne Bjørnson, Camilla Collett og særleg for Sivle-laget sin del; Per Sivle – er eit sentralt tiltak for berekraftig kulturformidling.
I eit berekraftsperspektiv bidreg digitalisering til mål 4 – god utdanning ved å gje barn, unge og vaksne enkel tilgang til litteratur, kjeldemateriale og pedagogiske ressursar. Digitale format gjer det mogleg å tilpassa innhaldet til ulike behov, til dømes gjennom opplesing, interaktive tekstar, lettlesne versjonar og tverrfaglege undervisningsopplegg.
Samstundes støttar digitalisering mål 10 – mindre ulikskap. Når forfattarskap vert gjorde tilgjengelege digitalt, vert barrierar knytte til geografi, økonomi og funksjonsevne reduserte. Fleire kan ta del i kultur- og kunnskapsfellesskapet på like vilkår.
For barn kan digitale formidlingsformer skapa tidleg interesse og nyfikne for klassisk litteratur gjennom visuelle uttrykk, forteljingar og utforskande læring. For vaksne gir digitale arkiv og tematiske inngangar høve til fordjuping og ny forståing av kjende verk.
Virtuelle kulturvandringar og berekraftige opplevingar
Virtuelle kulturvandringar er døme på korleis teknologi kan nyttast for å støtta mål 11 – berekraftige byar og lokalsamfunn. Gjennom digitale kart, “augmented reality”/”utvidet virkelighet”, video og lyd kan publikum oppleva forfattarheimar, historiske stader og litterære landskap utan fysisk tilstadevering.
Dette gir fleire berekraftige gevinstar:
⦁ Miljømessig berekraft (mål 12): Mindre reiseverksemd reduserer utslepp og slitasje på sårbare kulturminne.
⦁ Sosial berekraft (mål 10): Tilboda vert tilgjengelege for fleire, inkludert skuleklassar, eldre og personar med nedsett rørsleevne.
⦁ Kulturell berekraft (mål 11): Forteljingar knytte til stad vert dokumenterte og tekne vare på for framtida.
Sivle-laget si tilnærming til virtuelle kulturvandringar kan fungera både som sjølvstendige opplevingar og som supplement til fysiske besøk, og bidreg slik til ein meir balansert og berekraftig bruk av kulturarven.
Livslang læring og relevans på tvers av generasjonar
Berekraftig kulturformidling føreset livslang læring, i tråd med mål 4 – god utdanning. Digitale løysingar gjer det mogleg å utvikla innhald tilpassa ulike aldersgrupper og livsfasar – frå barn og unge i utdanning til vaksne og eldre med interesse for kultur og historie.
Når klassiske forfattarskap vert sette i samanheng med aktuelle samfunnstema som demokrati, likestilling, identitet og ytringsfridom, vert dei ikkje berre historiske dokument, men aktive bidrag i samtida. Dette styrkjer kulturen si rolle som berekraftig ressurs i samfunnsutviklinga.
Samarbeid mellom kulturinstitusjonar, skular, bibliotek og teknologimiljø er avgjerande for å lukkast, og for å sikra kvalitet, relevans og langsiktig forankring.
Per Sivle som døme på berekraftig kulturformidling
Forfattarskapen til Per Sivle er særleg godt eigna som døme på korleis berekraftig kulturformidling kan omsetjast i konkrete tiltak. Med tekstar som tematiserer barn, natur, moral, sårbarheit og fellesskap, representerer Sivle ein kulturarv som er både tilgjengeleg og djupt relevant også i dag.
Tematisk digitalisering av forfattarskapen
I tillegg til å formidla Per Sivle sine verk kronologisk, legg Sivle-laget opp til at forfattarskapen skal strukturerast rundt tematiske inngangar som barn og oppvekst, mennesket og naturen, utanforskap og etikk og empati. Digitale temaportalar gjer det lettare for både barn, unge og vaksne å finna inngangar som opplevast som relevante.
Dette styrkjer mål 4 – god utdanning gjennom tilpassa læring, og mål 10 – mindre ulikskap ved å senka terskelen for deltaking i kultur- og kunnskapsfellesskapet.
Digitale forteljingar og barneretta formidling
Fleire av tekstane til Sivle eignar seg godt for digitale høgtlesingsformat, og i tillegg til det digitale Sivle-biblioteket vårt vil Sivle-laget leggja stadig meir til rette for illustrerte og animerte forteljingar og interaktive løysingar. Slike formidlingsgrep håpar Sivle-laget vil nyttast i skule, bibliotek og digitale lesestunder, og bidra til tidleg leseglede.
Dette støttar mål 4 – god utdanning, samstundes som den kulturelle berekrafta vert styrkt ved at barn får eit tidleg forhold til norsk litteraturarv.
Virtuelle Sivle-kulturvandringar – litteratur knytt til stad
Virtuelle kulturvandringar knytte til Sivle sitt liv og landskap kan kombinera kart, lydforteljingar og tekstutdrag. Publikum kan utforska forfattaren sitt univers digitalt, anten som sjølvstendig oppleving eller i kombinasjon med fysiske besøk.
Tiltaket bidreg til mål 11 – berekraftige byar og lokalsamfunn ved å ta vare på kulturarven gjennom digital tilgjengeleggjering, og til mål 12 – ansvarleg forbruk og produksjon ved å redusera behovet for reise og fysisk slitasje på kulturminne.

Sivle i samtida – litteratur som grunnlag for refleksjon
Tekstane til Per Sivle kan nyttast som utgangspunkt for samtalar om tema som psykisk helse, born sine rettar, forholdet mellom individ og fellesskap, og mennesket sitt forhold til naturen. Digitale artiklar, podkastar eller korte videoforteljingar kan aktualisera forfattarskapen for eit moderne publikum.
Slik vert både mål 3 – god helse og livskvalitet og mål 4 – god utdanning støtta, ved at litteraturen vert brukt som ressurs for refleksjon og samfunnsdeltaking.
Opne ressursar og samarbeid for langsiktig berekraft
Ved at Sivle-laget utviklar opne, digitale ressursar baserte på Sivle sitt forfattarskap – til fri bruk for skular, bibliotek og kulturinstitusjonar – vert det lagt til rette for gjenbruk, vidareutvikling og samarbeid.
Dette styrkjer mål 12 – ansvarleg forbruk og produksjon gjennom effektiv ressursbruk, og mål 17 – samarbeid for å nå måla ved å leggja til rette for partnarskap på tvers av sektorar.

Kulturformidling som investering i berekraft
Å satsa på digital og berekraftig kulturformidling er ei investering i både menneske og samfunn. Dømet Per Sivle viser korleis klassiske norske forfattarskap kan aktiverast gjennom moderne formidlingsformer som støttar fleire av FNs berekraftsmål samstundes.
Gjennom digitalisering, virtuelle opplevingar, opne ressursar og samarbeid kan kulturarven gjerast tilgjengeleg, inkluderande og miljømessig ansvarleg – og framleis engasjera og inspirera både barn og vaksne i generasjonane som kjem.