29. juli markerer vi Olsok, til minne om slaget på Stiklestad og døden til Olav Haraldsson i 1030. Olsok fører oss langt attende i norsk historie, men dagen stiller òg eit spørsmål som er like aktuelt i vår eiga tid: Kva er det som skal stå att når menneska og tidene skiftar?
Per Sivle fann eit av dei sterkaste uttrykka sine for dette i diktet Tord Foleson. Der fortel han om merkesmannen som fell på Stiklestad, men som før han døyr, sørgjer for at merket blir ståande:
«Og det er det stora,
og det er det glupa,
at Merket det stend,
um Mannen han stupa.»
Det er eit sterkt bilete på noko som er større enn einskildmennesket. Generasjonar kjem og går, men språk, historie, kultur, kunnskap, fridom og fellesskap kan berast vidare.
Nesten tusen år etter Stiklestad – og nær hundre år etter Sivle – finn vi ein beslekta tanke på ein ganske annan stad. I "Frankie Goes to Hollywood"s innspeling av "War" fra 1984 heiter det:
«Wars come and go. What remains are only the values of culture.»
Krigar kjem og går. Verdiane i kulturen står att.
I 2026, Totalforsvarsåret, får desse orda ein særleg klang. Totalforsvar handlar om den samla evna Noreg har til å førebyggja og møta alvorlege kriser og krig. Men beredskap handlar til sjuande og sist òg om kva vi ynskjer å ta vare på.
Eit land er meir enn grenser og infrastruktur. Noreg er òg menneska som bur her, tilliten mellom oss, demokratiet, fridomen, språket, historia, naturen, lokalsamfunna og kulturen vi skaper og fører vidare. Dette er ikkje noko som høyrer nokre få til. Det er eit fellesskap som kvar generasjon – og alle som har livet sitt her – er med på å forma og bera.
Her har Per Sivle framleis noko å seia oss.
Han henta stoff frå norsk historie, men skreiv om noko allmennmenneskeleg: mot, truskap, fridom og viljen til å stå for noko som er større enn ein sjølv. I Tord Foleson er det ikkje berre mannen som tel. Det avgjerande er at merket blir ståande.
På Olsok deler Sivle-laget difor igjen musikkvideoen vår til diktet Tord Foleson.
I Totalforsvarsåret 2026 kan dei gamle versa til Sivle kanskje òg minna oss om kvifor eit samfunn byggjer beredskap: for å ta vare på landet, menneska og verdiane som skal leva vidare etter oss.
Merket det stend.
Sjå musikkvideoen «Tord Foleson»
God Olsok!