Styret i Sivle-laget takkar alle frammøtte og bidragsytarar for ei fantastisk 20-års jubileumshelg med herleg stemning på Stalheim og i Gudvangen!
Gratulera igjen til nyutnemnt æresmedlem Jens Brekke!
Stor takk til;
- Stalheim Hotel som legg til rette for Sivle-laget og serverte ein nydeleg festmiddag!
- Songlaget Strendingen som trufast stiller opp på Sivle-laget sine arrangement!
- Jens Brekke for sitt kåseri om Sivle-laget gjennom 20 år!
- Aurland kommune ved varaordførar David Underdal og Voss herad ved varaordførar Sigbjørn Hauge som stilte opp og heldt talar til jubilanten!
- Vossabakst for nydeleg og smakfull jubileumskaka!
- Eirik Helleve for flott presentasjon av nokon av Sivle-skattane på Voss Folkemuseum!
- Fantefolk for ein flott konsert i Per Sivle sitt rike, beståande av Jens Brekke (forteljar og Sivle-kjennar), Irene Tillung (akkordion), Kari Finne Sognnæs (song), Kåre Nytun (gitar) og Trond Matre (bass)!
- Æresmedlem Karl Anders Hovden for hans flotte helsing til jubilanten, som vart lest opp under festmiddagen av Leif Inge Underdal!
- Njardarheimr i Viking Valley Gudvangen for informativ guiding, smaksrik vikinglunsj, og flott framføring av Per Sivle sine norrøne skaldedikt!
- Leif Inge Underdal som entusiastisk og flott drog i gang med ringdans til #Ormen_Lange!
- Voss Veksel- og Landmandsbank ASA som velvillig sponsa lysingar i Avisa Hordaland!
Dette var ei storslått og minnerik jubileumshelg, der værgudane spelte på lag med strålande sol i naturskjønne omgivelsar!