Introduksjon / Sammendrag

Årsmøte og Seminar på Hotell Bondeheimen, Oslo
Lørdag 7. - 8. september 2019

LAURDAG 7. SEPTEMBER
Årsmøtet går etter vanleg, fastlagt sakliste. (Sjå saklista)

Seminaret i år vert føredrag av tidlegare redaktør i Aftenposten Per Egil Hegge. Han vil fortelja historia om "Per Sivle og samtida hans då han var redaktør i Buskerud Amtstidende og Kristianiaposten".
Stad: Teatersalen - Hotell Bondeheimen

NB! Teaterforestillinga på Det Norske Teatret med Jon Fosse, utgår dessverre pga. tidligare opplyst varigheit viste seg å være dobbelt så lang. Det ville ha kommet i konflikt med vårt eige opplegg for kvelden.

Etter årsmøte og seminaret vert det ein liten pause, før me samlast til ein koseleg Sivle-kveld. Det blir først servert 3-rettars middag, før resten av kvelden vert leia av Ingvild Bryn med hyggeleg samling i teatersalen med musikalske innslag, føredrag av fleire gjester om sitt Sivle-engasjement og underholdning.

SUNDAG 8. SEPTEMBER
Omvisning i NRK på Marienlyst, med Ragnhild Sælthun Fjørtoft

Prisar hotell
Kvar og ein må bestille samt betale hotellrom og middag laurdag direkte hjå Hotell Bondeheimen
Oppgi referanse: 6919.

Bestilling av rom: Hotell Bondeheimen tlf.: 23 21 41 00, e-mail: bookingoffice@bondeheimen.com
eller på heimesida: https://www.bondeheimen.com

Enkeltrom: kr 1225,- inklusive frukost
Dobbeltrom: kr 1395,- per person inklusive frukost

3-retters middag om laurdagskvelden kr 495,- pr pers. Betalast til hotellet.

Påmelding til seminar
Vennligst send påmelding innan 30. august til post@sivlelaget.no
Eller Roald, mob: 950 96 102
Viktig: meld frå om du skal ha middag laurdagskvelden, og om du evt har mat-allergier!

Om du ikkje får meldt deg på på førehand, er du hjarteleg velkomen uansett!

Seminar, årsmøte, lunsj og Sivle-kveld er GRATIS for medlemmar.

Ikkje medlemmar betalar kr 200,- for å delta på dette, alternativt kr 250,- og får medlemskap ut 2019 inkludert.

Program & Saksliste

PROGRAM FOR SEMINAR OG ÅRSMØTE LAURDAG 7. SEPTEMBER
kl.12.00 Frammøte, registrering og mat på Kaffistova
kl.13.00 Opning av seminaret og årsmøtet v/ leiar
kl.13.15 Tidlegare redaktør i Aftenposten Per Egil Hegge:
"Per Sivle og samtida hans då han var redaktør i
Buskerud Amtstidende og Kristianiaposten"
Stad: Teatersalen
kl.14.30 Spørsmål og ordskifte
kl.14.45 Pause med kaffi/kake
kl.15.30 Årsmøte
kl.17.00 Avslutning
kl.19.00 Middag på Kaffistova
kl. 20.00 Sivle-kveld med musikalske innslag, føredrag av
fleire gjester om sitt Sivle-engasjement, og underholdning
leia av Ingvild Bryn.
Stad: Teatersalen

SAKLISTA PÅ ÅRSMØTE 2018
Sak 1 Opning v/leiar, godkjenning av innkalling og saksliste
Sak 2 Konstituering: val av ordstyrar, skrivar og to til å skriva under møtereferatet
Sak 3 Årsmelding 2018-2019
Sak 4 Arbeidsprogram 2019-2020
Sak 5 Rekneskap & budsjett
Sak 6 Medlemspengar
Sak 7 Vedtektsendring - forslag fremlegges på årsmøtet
Sak 8 Val av styre- og varamedlemmer
Sak 9 Val av revisor
Sak 10 Innkomne framlegg – må vera styret i hende innan 30. august.

PROGRAM SUNDAG 8. SEPTEMBER
Omvisning i NRK på Marienlyst, med Ragnhild Sælthun Fjørtoft