Mor si grav - Oppheim

Avduket: 10 .juni 2007

Historikk

Rundt omkring i landet vårt er det mange minnesmerke over vyrde personar, men ingen over den som vi alle har nærast forhold til; Mor!

Ingen har utrykt kjenslene ved mor si grav betre enn Per Sivle.

På Oppheim gamle kyrkjegard er Susanna Sivle, f. Ryum gravlagt. Per har heidra minnet til mor si med ”Den fyrste song”:

Den fyrste Song eg høyra fekk
var Mor sin song ved Vogga.
Dei mjuke Ord til Hjarta gjekk,
og kunde Graaten stogga.

Dei sulla meg so undarleg,
so stlilt og mjukt te sova.
Dei synte meg ein fager Veg
upp fraa vaar vesle Stova.

Den Vegen ser eg enno tidt
naar eg fær Auga kvila,
der stend ein Engel, smiler blidt,
som berre ei kann smila.

Og naar eg sliten trøytnar av
i Strid mot alt som veilar,
eg høyrer stilt frå Mor si Grav
den Song som all Ting heilar.



Riksantikvaren gav løyve til ei låg markering i naturstein og bronse, og det var Leif Gjerme frå Voss som fekk oppdraget med å lage dette nye minnesmerket over "Mor si grav".


10 .juni 2007 vart ein flott dag med sol då minnesteinen vart avduka på Oppheim gamle kyrkjegard. Kyrkja var fullsett og det var over 500 som deltok på festhøgtida både på den gamle kyrkjegarden og på Oppheim skule etterpå. Takk til alle som deltok i dugnadsarbeidet for å få denne dagen så vellukka!