Sivle-laget vart stifta på Stalheim i september 2002 og i fyrste årsmeldinga for laget ordla den energiske leiaren i laget, Jens Brekke, seg slik:

Årsmelding 2002
På vårparten i 2002 hadde me eit planleggingsseminar på Stalheim Hotell. Her vart det valt eit planleggingsstyre. (Sjå side 2 i Gamla-Marta) Desse arbeidde fram planar for eit skipingsmøte i september same år .

Det er mange som må takkast for at me no er komne så langt som til det fyrste årsmøtet. Ein som veit mykje om samtidi til Per Sivle, er Olav Fyrde frå Stalheimsgrendi. Me har slite mykje på han Olav, brukt han til informant mange gonger, nytta han på omvisingar, i radioprogram, på synfaringar og mykje meir. Olav har alltid møtt opp med stor forteljegleda, og delt kunnskapen sin med oss. Dette er me svært takksame for. Vonar me kan få "slita" meir på han i tidi som kjem.

Karl-Anders Hovden står også i ei særstilling. Ikkje berre det at han har gjeve laget hundrevis av Sivle-bøker, men han har hjelpt oss på så mange andre måtar også. Me skal koma attende til både Olav Fyrde og Karl-Anders Hovden i seinare nummer av Gamla-Marta. Førebels er det så mange praktiske opplysningar som må ut til Sivle-venene, at takksemdi må fortrengjast til seinare nummer av Gamla-Marta.

Takk også til alle dykk åndsfrendar som er med i Sivle-laget. Utan dykk hadde me vore i "fjørvektklassen". No føler me oss i "tungvektklassen" med langt over 300 namn på 1ista vår.

Styret har vore i kontakt med andre nærskylde lag og organisasjonar for å få til eit samarbeid i høve arbeidet vårt. Vi meiner dette er ein god strategi for å nå ut til fleire menneske og andre miljø om diktaren og personen Per Sivle. Samlaget er interessert å gje ut bøker på nytt om og av Per Sivle. Vidare vil avisa Dag og Tid gje ut ei temaavis. Norsk Barneblad vil prenta ein framhaldsserie om den unge Per Sivle. Vi har møtt stor velvilje og interesse for arbeidet vårt hjå desse, og vi har lagt vekt på at kulturarbeidet vårt skal vere nyttig og aktuelt for folk i heile landet.

Er det nokon som lurer på kvifor meldingsbladet vårt heiter Gamla-Marta? Les frå - Vossa-Stubbar: "Vossingjen" å Mor hans. Der finn de ei god skildring av "fyrebilete" vårt.

Jens Brekke
-styreleiar –

Anders Gjerland Trygve Dugstad Maria Hauge Gerd Lyngset Nilsen
Sigrid Straand Hans Svenne John Normann Mandelid