Årsmøte og Seminar på Stalheim Hotell
Helga 1- 2 september 2018

LAURDAG 1. SEPTEMBER
Årsmøtet går etter vanleg, fastlagt sakliste. (Sjå saklista)

Seminaret i år vert føredrag av pensjonert fyrstebibliotekar ved Universitet i Bergen, Jan Olav Gatland. Han vil fortelja historia om redaktør, bokhandlar og forleggjar Mons Litleré og samtida hans. Mons Litleré var mellom andre Per Sivle sin forleggjar. Han var også forleggjar for Knut Hamsun, Jens Tvedt, Rasmus Løland, Vetle Vislie, Anders Hovden, Hans Seland, Arne og Hulda Garborg og fleire. Jan Olav Gatland vil gje litt ekstra rom for Per Sivle. Vi vil også få eit bilete av samtida desse forfattarane levde i.

Etter årsmøte og seminaret vert det ein liten pause, før me samlast til ei omvisning på Stalheim Folkemuseum - Tønneberg samlinger www.stalheim.com/museum hotellet sitt eige museum, som ligg like ovanfor hotellet. Trygve Dugstad viser oss rundt.

Festkvelden vert i «Fyrdeslaoen», ein låve i museet som dei har laga til for gjestebod. Her vert det servert 3 retters middag og kulturinnslag. (Ta gjerne med ei varm jakka, det kan vera kjøligt om kvelden i ein låve, sjølv om dei har varmeovnar).

SUNDAG 2. SEPTEMBER
Vi samlast rundt Mor si grav på Oppheim gamle kyrkjegard. Deretter går vi opp til Oppheim gamle prestegard like ovanfor, der vi får ei omvising.


Lunsjen vert på Stalheim hotell.

Prisar
Enkeltrom: kr 950,- inklusive frukost.
Dobbeltrom: kr 1500,- inklusive frukost.
Festmiddag med omvising på Stalheim Folkemuseum: Kr 495,- pr. pers.

Påmelding:
Bestilling av rom: Stalheim Hotell tlf.: 56 52 01 22, e-mail: info@stalheim.com eller på heimesida: https://www.stalheim.com
(stikkord: Sivle-laget)

PROGRAM FOR SEMINAR OG ÅRSMØTE LAURDAG 1. SEPTEMBER
kl.12.00 Frammøte, registrering og mat
kl.13.00 Opning av seminaret og årsmøtet v/ leiar
kl.13.15 Fyrstebibliotekar Jan Olav Gatland: ”Ein driftig djevel i Bergen. Historia om Mons Litleré”
kl.14.15 Spørsmål og ordskifte
kl.14.45 Pause med kaffi/kake
kl.15.00 Prelansering av medlemsgaven, diktsamlingen "Den fyrste song, Lerka & andre skattar"
kl.15.30 Årsmøte
kl.17.00 Avslutning
kl.18.00 Frammøte i resepsjonen for omvisning i Stalheim Folkemuseum
kl.19.30 Middag med kulturinnslag

SAKLISTA PÅ ÅRSMØTE 2018
Sak 1 Opning
Sak 2 Konstituering: Val av ordstyrar, skrivar og to til å skriva under møtereferatet
Sak 3 Årsmelding
Sak 4 Rekneskap/budsjett
Sak 5 Digitalt verktøy v/ Fredrik Galtung
Sak 6 Arbeidsprogram
Sak 7 Medlemspengar 2019
Sak 8 Årsmøte/seminar 2019 – Tidspunkt og program
Sak 9 Val
Sak 10 Innkomne framlegg – må vera styret i hende innan 15. august.

PROGRAM SUNDAG 2. SEPTEMBER
kl.10.30 Vi kjøyrer til ”Mor si grav” der vi har ei kort samling
kl.11.30 Samling og omvising med foredrag på Oppheim gamle prestegard.
kl.13.00 Avslutning med lunsj på Stalheim Hotell

Påmelding til årsmøte/seminar innan 25. august til: post@sivlelaget.no
eller mob. Roald 950 96 102
Viktig: Meld frå om du skal ha middag laurdagskveld og lunsj sundag.

Folk tingar og bet. hotellrom sjølve - pris:
Enkeltrom: kr 950,- inklusive frukost.
Dobbeltrom: kr 1500,- inklusive frukost. "Sei at det gjeld Sivle-laget"

Seminar/årsmøte/lunsj er gratis for medlemmar

  • Ikkje medl. bet. kr. 250,- for seminar/årsmøte/lunsj
  •  Middag om laurdagskvelden kr. 495,- pr. pers. inkl. Kulturkveld - Bet. til hotellet
  •  Lunsj sundag kr. 250,- Bet. til hotellet