Korleis kan me sørgja for at klassiske norske forfattarar som Per Sivle framleis lever i møte med nye generasjonar elevar – og blir ein aktiv del av skulekvardagen?

Dette er eit av dei sentrale spørsmåla Sivle-laget arbeider målretta og engasjert med!

Sivle-laget har som hovudmål å gjera Per Sivle sitt liv og forfattarskap levande, tilgjengeleg og relevant – særleg for born og unge. Gjennom systematisk arbeid sikrar me open tilgang til kunnskap om Per Sivle på nettsida vår. Her finn du dikta og forteljingane hans, innsikt i livet og verksemda hans, skildringar av menneska rundt han, og tekstane hans om kampen for dei svake, mot urett og overmakt. Like sentralt står Sivle sitt brennande engasjement for norsk identitet, sjølvstende og unionsoppløysinga frå Sverige.

I tillegg deler me minneord, omtalar, informasjon om minnesmerke, lagaktivitetar og medlemsfordelar. Framover vil me i aukande grad leggja ut pedagogisk tilrettelagt Sivle-materiell som er direkte knytt til læreplanen – slik at lærarar enkelt kan nytta Per Sivle i undervisninga for å nå kompetansemåla på dei ulike skuletrinna.

Eit viktig satsingsområde for Sivle-laget er ferdigstilling av digitaliseringa av heile forfattarskapen til Per Sivle. Parallelt utviklar me undervisningsressursar som presentasjonar, oppgåver, refleksjonsspørsmål, Kahoot! og anna variert materiell – alt fritt tilgjengeleg for bruk i skulen. Målet er å gjera det lett, inspirerande og fagleg relevant å ta Per Sivle inn i klasserommet.

Blant medlemmene våre finn du mange lærarar som brenn for å «få Per Sivle tilbake i skuleundervisninga». Fleire av desse er aktive i prosjektgruppa Sivle-laget har etablert, der fokus er å utvikla undervisningsopplegg som støttar kompetansemåla i norskfaget.

Er du lærar, og har idear, forslag eller konkrete behov for korleis Per Sivle kan nyttast i undervisninga di? Me vil svært gjerne høyra frå deg! Send innspela dine til post@sivlelaget.no, og bli med på å forma framtidas norsk undervisning - med inspirasjon frå Per Sivle og digital tilrettelegging av Sivle-laget.