Bauta ved Flåm kirke

Avduket: 17. mai 1948

Historikk
Ei veldig steinblokk
Fødebygda Flåm reiste minnestein over "diktaren sin" i 1948. Dei fann steinen i Lunden, bortunder nokre hamrar der, kring to kilometer frå der steinen står. Ei veldig steinblokk hadde rasa ut og var som skapt for føremålet. Noko av transporten gjekk etter vegen, fortel Kåre Fretheim.


Ein stad måtte dei forbi eit hus som stod kloss i vegen. Det budde ein illsint mann der. Han var redd dei skulle koma borti huset, og sette i: -Ja, kjem de borti huset mitt, så hive eg steinen midt nedi hagen! (Steinen må vera minst 10 tonn).

Fretheim minnest han var ein tur til fjells då dei reiste steinen. Han kunne høyra hujing på lang avstand når dei tok i, å hååå, å hååå!

Stor dag 17. mai 1948
17. mai 1948 vart ein særs minnerik dag for folket i Flåm og fleire tilreisande. Etter 17. mai-programmet samlast folket til Sivlehøgtid og avdukinga av minnesteinen, reist på staden der Per Sivle vart fødd.


Flåm Ungdomslag stod i brodden for det heile, reisinga av steinen og avdukingshøgtida. Læraren i Flåm, Per Hatlelid, ynskte veikomen, og gav så ordet til redaktør Ivar Tveit som heldt avdukingstalen. Etterpå fortalde Per Hatlelid om arbeidet med å reisa steinen, og deretter var det fleire Per Sivle-programpostar: allsong og korsong, opplesing og musikkinnslag.

Ingeborg Fortun, 12 år gammal, deklamerte fleire Sivle-dikt. Ho hausta ekstra stor fagnad.

Fru Susanna Collett, dotter til diktaren, takka hjarteleg for all ære som ved dette høvet var vist far hennar, og Anders Ullestad frå Voss bar fram helsing frå naboprestegjeldet og fortalde om då dei reiste Sivlesteinen på Stalheim i 1909.


Flere detaljer om bautaen - og flere andre "minnesmerker" etter Per Sivle i Flåm - kommer om kort tid!