17. Mai

(Per Sivle)

So kom du daa atter, du sæle Dag;
du er no vaar eigen, du!
Og alltid so kjem du med Vaar og Song
og alltid med Liv og Tru.

Du stend der med Lauv-Krans, du Fridoms-Brud;
det lyser so friskt og klaart.
Og alt medan Kransen inkje vert gul,
so veit me, at Noreg er vaart.