Bein

(Per Sivle)

Hundar so er det
um kvart eit Bein,
um ogso det ligg
i ein Rennestein

Sulkut og sleipt
og gnege på,
— Hundar so slæst dei
um det endå.

For hundar dei ser seg
Nytte i Bein,
og bryr seg lite
um Maten er rein.

Og sælt er det Land
som eig Hundar og Bein,
og hev seg so dertil
ein Rennestein.

Noreg hev Hundar
og Noreg hev Bein,
og Noreg hev jamvel
sin Rennestein.

Og difor er Noreg
so stort og so sælt
at sume tykkjer
det reintut er fælt

Og Hundane bitast,
og Hundane gøyr,
og Beinet det ligg
i Rennesteins-Søyr

Men medan dei slæst,
er det ein, som sit still:
han ser på, han ventar,
han kveit, kva han vil.

Og sløgaste Hunden
fær alltid sitt Bein;
han tek det so hugheilt
or Rennestein.