"Nogle småpiker hadde en basar med utlodning. Så fant en av dem ut at de skulde gå til Per Sivle og be om en en vise som de kunne synge på basaren. Å be Sivle om slikt var som å tende i tyri. I lynende fart skrev han visen ferdig, og her er den."

Drammenseren

(Per Sivle)
Melodi: Mellom bakkar og berg


På to strender, om just ei ved havet
hev Drammenseren fengje sin heim,
der han sjølv heve tuftorne gravet
og sett sjølv sine hus uppå deim.

Han såg ut yver Brånes so via,
der var ruskut å bygja å bu;
Man han rudde det upp - og med tia
blei der anna å sjå, skal je tru.

Han såg ut yver Strømsø og Tongjen,
der var leirut og sølut å sjå,
men han bygde i søla den gongjen,
og den søla - hu er der ennå.

Men til slutt blei han lei det alt sammen,
slik han fyst hadde bygt sig sin by,
og so brennte han upp heile Drammen,
- og so bygd 'n den upp att påny.

Utpå vetteren stundom han tenkte:
"Gje i Svelvik je var eller Moss!"
Men når vårsol på Breidablikk blænkte,
blei dæ best her i Drammen hos os.

Og ifald uti heile Europa
at ein einaste by der er til
jussom den mellem Tongijen og Gropa,
ja so kall mei en krakk - om du vil!