Heim

(Per Sivle)

Det hender so tidt,
       at ein norrøna-gut
stend lengtar mot sør
       yver sjoen ut,
når hausten grin ifrå nord.
       Og vert det so høve,
ja, då er han glad,
han hissar seglet
       og stryk avstad
ut frå sin heimsens fjord.

Men kjem det ein dag,
       då han tenkjer som so:
"Tru byrjar det vårast
       i Noreg no?"
— då tek det til dreg, so det svid;
       Han fær inkje sova,
han hugsar for vel,
kor killingen dansar,
       og gauken gjel
der nord i den grøne lid.

Og då er han sæl,
       han kann snu sin stamn
og taka leidi
       mot heimsens hamn
i viki derinne i fjord.
       — For var det der nordantil,
vogga vår stod,
so kjenner me det
       i vårt eige blod,
at våren han dreg mot nord.