Kjikartn

(Per Sivle)

— "Ein Laurdag mittsumars, samma Åre eg hadde tekje mot Garæ, kom eg inn te Kantoret te Prestn Meyer på Vangjæ, skulde betala Tiendæ." —

Glase sto ope, å dar burtmæ sat Prestn, dreiv på kjeik igjønom inkvartstag sovore so ein Kvannaul tå Massing.

Ja, Tiendæ greidd' eg, og Prestn var no so smørrande bliu.

"Se her min ven, Kolbein,» sa han og flidde meg Kvannauln sin hiti i Næven.

"Ja — d'æ vel inkje fårle?" sa eg.

Nei! meint' an. Å so synt' an meg, kur eg skulde fara åt.

"Kjik væk," sa han. Å eg so gjorde.

Meina du kje so, at eg såg hono Ola Liland, kur han sto sveia mæ Langorvæ å slo neante Lilands-Huso. Å endå da mestu va Milæ Vatne yve imydlo os, so — forsyne meg! — såg eg hono inkje so skjele, att eg kunde telja Styngjene i ei ny Bot, han hadde på Broka-Bottnæ Sino!

So tok han å kvekkte Ljådn sin. Å — hunn rugge meg! haur'eg kje kvart Bryne-Dragje so lydt, so han skulde Stae dar ni Haga beint neunde Kantor-Glasæ, ja, da gjor' eg!

Dammeso støyrd'an Ljå-Orve ni Bakkjen å smatt inn i eit tettu Orre-Krakje, kva da no kunde væ, han hadde te Erend, å burte vatt han.


Men bestu so da va, dar laut eg — jou so beiske deg; — te halda fy Nosi! — — tru mæ no, eldu gjera kva du vilja!

Da kvokk i meg, då likavelne, å eg va kje seinu få Kvannauln utor Nævo;.

«Nei, men kva æ då detta her fy nokku Fannsty? — — forlate meg Syndæ. mi!» sa eg.

«Det kaldes Kjikart,» svarte Prestn.