Noregs Konung

(Per Sivle)

I gamle Dagar
   - so segjer soga -,
naar daa det høvde,
   at einkvar fraaga,
kvar Noregs Konung
   aa finna var,
han fekk paa Spursmaalet
   detta Svar
- og Ordi høyrdest
   so trygdar-sterke -:
"Der stend han. Fremst
   under Noregs Merke!
"

Og Øyvind Skrøya
   han steig iland
med Hat i Hug
   og med Sverd i Hand.
Og Haakon Konung,
   han stod her hitar
som Landa-Verja
   Med "Kverna-Bitar";
og Noregs Konung
   Bar Noregs Sak,
og Noregs Menn
   stod stydjande bak.

Og Konungens Hand,
   som ho det var van,
gav Øyvind Løn
   fyr Hæding og Ran,
og sama Løni
   fekk endaa fleir.
Og Løni var slik,
   at dei kravde kje meir.

Og Hæding fær Noreg
   enn, som me sjaa,
og enno vert Noreg
   trakka paa Taa.
Men aldri bry deg,
   det stend inkje paa;
for Noreg, det hev
   sin Konung endaa!


Men um du vil spyrja
   som so idag:
"Kvar meinar du no
   eg kann finna, paalag,
Noregs Konung
   i denna Verdi?"
- Aa, reis til Stockholm,
   - og Lukka paa Ferdi!