Olav Kyrre

(Per Sivle)

Han Olav Kyrre,
han tenkte som so,
at Noreg var utyrst
paa Bloddrikka no.
   Og dermed han baud
   sine Nordmenn i Dugnad
   aa køyra til Gards
   ein Ting, heiter Hugnad.

Der Federne hogdest,
so Raudbylgja gleim,
der gjekk han i Ferd
med aa stella ein Heim.
   Og soleine Brigde
   i Stova han gjorde
   med fjelgare Aare
   og ljosare Ljore.

Han meinte, at Noreg
si Lukka, ho gror
no slett inkje berre
paa Valen si Jord.
   - Men Riket han bygde,
   og vel han det varda;
   og muna kje Mildord,
   so baud han det harda.