Soga

(Per Sivle)

Du gamla soga,
som stødt er ny
      og frisk som ein jonsok-leik:
når hugen vabbar
i haustar-dy,
      då kjem du med vårsols-kveik.
Du syner livet
i vokster-drag,
      du stør - og du gjev oss råd,
du provar at enn
hev me aukande dag
      i verdi til lukka og dåd.

Ja, soga i bok
og soga på munn
      og soga i jord og stein,
du manar oss liv
på knause-hard grunn
      og hold på dei berre bein.
Du ter oss oss sjølv,
som fram ifrå rot
      han voks seg, vår livsens-streng.
Du er ei lykt,
eit ljos fyr vår fot,
      der vidare fram me gjeng.


Di skal du benkjast
som oldemor
      på sømdaste sess me finn.
Me høyrer med heilag
gaum dine ord
      og gøymer deim i vårt sinn.
Me veit, dine augo
vaktar med hug
      kvart steg me i livet gjer.
Me blotar deg offer
av heiders-dug,
      der framgangs-ferdi me fer.