Sol

(Per Sivle)

Nei sjaa, kor det lyser
og gyller og brenn
   burtpaa Snjokollen der yver Lid!
Det er Soli, som renn,
det er Soli, som renn
   og helsar so god og so blid.
Og tusund av Augo,
dimme fraa Draum,
skal drikka seg bjarte
i Solstraale-Straum.
— Ja, Sol treng me alle;
   men Sol, det er
no inkje det sama
   som Solgangs-Vêr.

Og Vetren er hardhendt
og isar so stiv,
   solenge han valdar og raar.
Men Jordi ho gøymer
so mangfelte Liv,
   som stundar mot komande Vaar.
For Blomar vil spretta
i angande Lag,
og Fivreld vil fram
og vil liva sin Dag.
Og Sol treng dei alle.
   — Men Sol, det er
no inkje det sama
   som Solgangs-Vêr.

Me sender fraa Jord
eit bedande Bod,
   som upp imot Himmelen gjeng.
Me bed til Vaarherre,
for han hev Raad
   um Sol, so mykje me treng.
Me bed han um Sol
yver Hjarta og Hug,
med bed han um Sol
yver Yrke og Dug.
Gjev Sol, du Gud Fader!
   — Men Sol, det er
no inkje det sama
   som Solgangs-Vêr.