Svolder

(Per Sivle)

Der låg attum Svolder
      øy på lur
ein skog av master,
      av skrog ein mur;
svia-konungen,
      dana-drotten,
og Eirik Jarl
      var au i dotten.
— For stødt der nordmenn
      lyt vera med,
når Noregs merke
      skal hoggast ned.

Og Trygvason visste kje
      ord tå deim.
Han kom ifrå Vendland
      og siglde heim,
på grepa skutor,
      men færre enn mange.
— Og Olav sjølv
      styrde "Ormen lange."
Og raustare menn,
      enn han hadde no,
hev Noreg aldri
      sendt ut på sjo.


Dei seig um odden.
      Og då dei såg
den skog og mur,
      som bak Svolder låg,
då ropte han Olav:
      "Lat segli falla!
Redde, det skal dei oss
      aldri kalla!
Og er dei Tylfti
      mot ein — — so visst
me treng dess minder
      å skjota i mist!"

So bar det laust
      med det Svolder-slag,
som dyn i vår soga
den dag idag.
Og danar og sviar
      hamla tilbaka,
sosnart dei fekk „Ormens"
      tenner å smaka.
— Men då so og jarlen
      kom til med si her,
vart brodde-bylgja
      „Ormen" for svær.


Og Trygvason høgt
      i si lyfting stod;
og ned under brynja hans
      draup der blod.
Då sa han: "Til dauden
    er kvar mann saka.
Og livande skal dei
      meg aldri taka."
— So bykste han med
      sine menn uti hav.
Og fri, som han livde,
      han sokk i si grav.