Ulv Raude

(Per Sivle)

Ulv Raude han heitte,
den djerve og sterke
Karen, som bar
Olav Trygvasons Merke.
   Og Skjegget og Haaret
   brann raudt som Blod,
   der fremst i Stamnen
   paa "Ormen" han stod.

Det var ved Svolder.
Og "Ormen" i Lengja
stakk framum dei hine,
daa Skipi dei tengja.
   "Ja," meinte han Ulv,
   "naar det no kjem til Slag,
   det vert inkje beinspelt
   i Stamnen idag!"

"Nei, høyr!" sa Kong Olav,
- det kann inkje dyljast,
at her er det Raude
og Ræddhug, som fylgjast!"
   Daa svara han Ulv:
   "Gjer du Lika fyr deg,
   so visst som at eg
   det skal gjera fyr meg!"

Og Augo hans Olav
vart kvasse som Loge.
Han sigta paa Ulv
med ein Pil paa sin Boge.
   Daa mælte Ulv Raude:
   "Eg tykkjer som so,
   du heller treng skjota
   annanstad no!"

Og vert det, at Noreg
fyr Livet skal fikta,
og Nordmenn so endaa
paa Nordmenn stend sigta,
   daa skal det manande
   minnast i Nord,
   Ulv Raude sitt hugheile
   Svolderdags-Ord.